Hopp til innhold

No blir Eldgrim pensjonist - blei overraska på direkten

NRK Sogn og Fjordane sin superveteran Eldgrim Fossheim (70) hadde torsdag si siste sending før han no blir pensjonist. Sjå kor overraska han blei då kollegene kom i studio.

Eldgrim blir overraska av kollega Gro Ravnestad som lurer seg inn i studio og overtek sendinga.

SMÅSJOKKA: Eldgrim Fossheim fekk besøk under si siste ettermiddagssending for NRK.

Rett etter Fylkesnytt klokka 16 blei han brått sjølv gjest i si eiga sending, då kollega Gro Ravnestad gjekk inn i studio og rett og slett overtok spakane.

– Eg pleier å seie at det er umogleg å reise nokon stad å representere NRK Sogn og Fjordane utan at han Eldgrim blir nemnd. Han er uforskamma populær i dei krinsane som kanskje han har grunn til å vere misnøgde ved at han har vore tøff mot dei i politiske journalistikk. Men Eldgrim er populær, rettferdig og ein god journalist, seier distriktsredaktør Kai Aage Pedersen.

Eldgrim Fossheim og Kai Aage Pedersen

SISTE SENDING: Eldgrim Fossheim (t.h) blei brått gjest i si siste sending før han no blir pensjonist.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ung til sinns

Han meiner at det å ha både unge og eldre tilsette er viktig, ikkje minst for arbeidsmiljøet, men også for publikum.

– Her i Sogn og Fjordane har vi alt frå småbarnsforeldre til Eldgrim som har bikka 70 og som må slutte i NRK. Han er ung til sinns, men han er altså 70 år og då er pensjonsalderen i Norge nådd.

Eldgrim Fossheim blir hylla

HYLLA: F.v. Kai Aage Pedersen, Eldgrim Fossheim og Jenny Følling i samband med Eldgrim Fossheim si aller siste ettermiddagssending før han no blir pensjonist.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Kjem attende til valet

– Det går rykte om at han kanskje kjem innom i løpet av året?

– Vi har vaflar på onsdagane, så då reknar eg med at han er der. Men elles så skal han jobbe med politikk. Vi har hyra han til å hjelpe oss med førebuingane til valet, ikkje minst med Valgomaten som er eit krevjande stykke journalistikk. I tillegg skal han vere med som vår kommentator under valet, og der kjem han til å gjere ein flott innsats, seier Pedersen.

Eldgrim Fossheim starta i fast stilling i NRK i 1984, men alt frå 1980 var han såkalla kontaktmedarbeidar frå Høyanger der han budde då.