Hopp til innhold

No blir ein av landets mest rasutsette vegar trygg

Få andre stader i landet har så mange farlege ras som Veitastrond i Sogn. No opnar endeleg den etterlengta tunnelen som skal gjere bygda trygg.

Ras i Veitastrond

DRAMATISK: Det er særleg om vinteren at vegen inn til Veitastrond har vore råke av store og farlege ras.

Foto: John Molland

– Det er heilt ubeskriveleg, det er fantastisk at dagen endeleg er her. Det seier John Molland, som køyrer mykje på den rasutsette vegen.

I mange tiår har vegen inn til Veitastrond i Luster kommune vore ein av dei aller mest rasutsette vegane her i landet, særleg om vinteren. Det heile blir endå verre av at vegen er det einaste alternativet inn til bydga, og at samfunnet har vorte heilt isolert alle gongene vegen har vore stengd.

Les også: Får tunnel i førjulsgåve

Etter ein lang kamp vart det for nokre år sidan bestemt at vegen skulle rassikrast med både tunnel, og ein rasvoll. I morgon er arbeidet ferdig, og den nye og trygge vegen skal opnast.

Siste arbeid på vegen inn til Veitastrond

AVSLUTTANDE ARBEID: Her legg Statens vegvesen siste finish på vegen inn til Veitastrond

Foto: Statens vegvesen

– Den som ikkje gler seg over dette kan ikkje vere frisk

For Molland, som pendlar på vegen, har den farlege vegen vorte kvardagen. Han er likevel strålande fornøgd med at den kvardagen tek slutt i morgon.

– Vi har levd med dette i så mange år, så det kjennest heilt fantastisk ut. Den som ikkje gler seg over dette kan ikkje vere heilt frisk.

John Molland

STOR DAG: John Molland kan nesten ikkje tru at den nye vegen inn til Veitastrond skal opne i morgon

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Molland skal sjølv vere med på opningsfesten, som han trur blir ei spesiell oppleving.

– I morgon blir det flagga på heil stong, det er heilt garantert, seier han.

Ordførar i Luster Ivar Kvalen seier at i morgon blir ein stor dag for heile kommunen.

– Dette er noko vi har jobba lenge for. Det tek på å leve med den mest rasutsette vegen i landet. Dette blir den største dagen for Veitastrond sidan bygda fekk vegsamband i 1956.

Les også: Kjemperas isolerer Veitastrond

Har prega bygda

Kvalen fortel at det å leve med den farlege vegen har prega bygdesamfunnet i Veitastrond opp gjennom åra.

Ivar Kvalen

NØGD: Ordførar Ivar Kvalen er strålande fornøgd med at vegen inn til Veitastrond no skal bli trygg

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det at folk no kan kjenne seg trygg når dei køyrer til jobb, det betyr utruleg mykje for folk i bygda.

Ordføraren fortel at det heile skal feirast med ein storslått opningsfest, der han forventar at det som kan krype og gå av folk i den vesle bygda tek turen.

– Fylkesordførar Jenny Følling kjem for å klippe snora, og heile bygda skal samle seg i skulehuset på kvelden for ein stor opningsfest med pomp og prakt, seier Kvalen.