Hopp til innhold

No blir det også ungdomsskule her

Utdanningsdirektoratet har gjeve løyve til at Kjølsdalen Montessoriskule får starte klassar på ungdomstrinnet. Kommunen vil helst ha alle samla i den offentlege skulen.

Kjølsdalen Montessoriskule kan no også bli ungdomsskule

UNGDOMSTRINN: Det er førebels uklart når skulen kan tilby undervisning på ungdomstrinnet. – Vi jobbar med å få alt på plass, seier rektor Thomas Hals.

Foto: Kjølsdalen Montesorriskule

– No kan vi byrje å jobbe for å få tilbodet på plass. Vi er stolte av tilbodet vårt, og det er godt at ein i Nordfjord no har eit reelt pedagogisk tilbod for dei som ynskjer det, seier rektor ved Kjølsdalen Montessoriskule, Thomas Hals.

Søknaden om å få på plass eit utvida tilbod ved skulen har vore til behandling i

Thomas Poul Reines Heines

GLAD: Rektor ved skulen, Thomas Hals, er glad, men ikkje overraska over at søknaden endeleg er godkjent av Utdanningsdirektoratet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Utdanningsdirektoratet i over eitt år. No som godkjenninga er i boks er det likevel uklart når dei første elevane kan ta til på ungdomstrinnet.

– Det betyr ikkje at det er heilt sikkert at det blir start frå hausten 2016, men vi kan førebu tilbodet og starte når det pedagogiske og administrative er på plass, seier rektoren.

Ingen hindringar for vidare skulegang

Ved ein Montessori-skule skal elevane jobbe meir sjølvstendig, ha ro og orden og konsentrasjon. Undervisninga er meir praktisk enn i ein offentleg skule. Ein vil helst unngå å bruke karakterar som vurderingsmetode, men i Kjølsdalen har dei søkt om dispensasjon frå dette.

– Vi vil ikkje fråvike karakterar heilt og fullt. Det skal ikkje vere noko problem med vitnemål for dei som går over i vidaregåande, understrekar han.

Kommunen er uroa

I Eid kommune er skulesjefen likevel kritisk til godkjenninga som har kome. Under søknadsprosessen har dei spelt inn fleire punkt som dei meiner bør utbetrast.

– Vi har kome med merknadar om kompetansekrav, om dei tilsette ved skulen stettar kravet om basisfaga norsk matematikk og engelsk, seier Harald Sivertsen, skulesjef i Eid kommune.

Harald Sivertsen

SKEPTISK: Opplæringssjefen i Eid kommune har spelt inn fleire kritiske merknadar etableringa av ungdomstrinn ved Kjølsdalen ontesorriskule.

Foto: Asgeir Reksnes(MMS) / NRK

Kommunen har også spelt inn at dei er uroa for korleis ein så liten skule skal klare å kvalitetssikre undervisninga og vurderingar gjennom skuleåret. Sivertsen fryktar også at skulemiljøet kan bli i minste laget.

– Dagens ungdomsskule i Eid har kring 240–250 elevar og fungerer godt. Dei som eventuelt vil gå i Kjølsdalen får ikkje delta i dette elevmiljøet, få nye impulsar og vener, meiner skulesjefen.

Er framleis ikkje i mål

Skulen vart starta opp i august 2013, og har per i dag har skulen 31 elevar, men med den nye godkjenninga kan dei ha inntil 53 elevar. Barnehagen kom på plass hausten 2015. Merknadane som kommunen har kome med, meiner rektoren ved skulen dei har teke omsyn til, men seier dei har ein jobb å gjere. Arbeidet med å kvalitetssikre utdanninga og det sosiale miljøet jobbar dei no for fullt med.

– Vi har eit høgt utdanna kollegium. Det er ikkje mykje som manglar, men det er fag som må forsterkast litt. Vi har allereie folk som har søkt vidareutdanning i fag vi treng kompetanse i, seier Hals.