NRK Meny
Normal

No blir det nytt skytehus i Lærdal

Eit av huset som gjekk med i storbrannen Lærdal var huset til skyttarane. Sidan då har dei vore utan eige hus, men no er ting i ferd med å skje.

– Det å ha eit lokalt anlegg det er heilt avgjerande for aktiviteten seier Jarle Offerdal som er leiar i Tønjum skyttarlag og leiar for skytehuset.

Laurdag 18. januar 2014 er ein dato som for alltid blir hugsa i Lærdal. 41 bygningar av dei 17 bustadhus brann ned til grunnen i den største brannen i Norge i fredstid.

Blant husa som gjekk opp i røyk var skytehuset i Lærdal.

– Vi har merka det på den måten at dei som var med som skyttarar før brannen dei er stort sett med framleis, men vi får ikkje så mykje nyrekruttering.

Stort prosjekt

Det nye skyttarhuset får ei samla grunnflate på 600 kvadratmeter, så det er eit stort prosjekt som no er i ferd med å reise seg frå oska i Lærdal.

Jarle Offerdal

BYGGER NYTT: Jarle Offerdal er leiar i Tønjum skyttarlag og leiar for skytehuset.

Foto: Privat

– Kapasitetsmessig så blir det mykje som før. Vi får åtte skiver slik som vi hadde tidlegare. Det folk vil merke er nok at skytehallen er litt breiare, slik at vi får betre plass for som skyt på skive 1 og 8, seier Offerdal.

Det blir og høgare under taket i det nye bygget.

– Det blir eit flett nytt hus, med alt som det inneber.

Innflytting neste haust

Dei ivrige skyttarane i Lærdal må nok smørje seg med tolmod enno eit stund før dei kan få tatt det nye innandørsanlegget i bruk.

– Sjølv om entreprenøren har lova det klart til første veka juli neste år, reknar eg ikkje med at det blir nok større bruk før ut på hausten. Vi har ikkje så mykje organisert innandørstrening om sommaren, seier Offerdal.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.