Hopp til innhold

No blir det Newton-rom i Florø

Flora har vore realfagskommune i over eit år, og no håpar dei Newton-rommet vil motivere barn og unge til å velje yrke innan teknologi og realfag.

Newtonrom

EKSPERIMENT: I Newton-rommet skal ungar ned i barnehagealder kunne eksperimentere og bli glade i realfag.

– Det blir eit rom som er spanande for barn og unge, og er tilrettelagt for at dei skal kunne eksperimentere, seier Tone Aasrud.

Ho jobbar i oppvekstsektoren i Flora kommune, og har jobba i ei prosjektgruppe i to år for å få til dette. Dette blir det andre Newton-rommet i Sogn og Fjordane. Det andre er på Firda vidaregåande skule.

Vil skape gründerar

Tone Aasrud

VIL INSPIRERE: Tone Aasrud håpar rommet vil skape interesse for realfag hos dei unge.

Foto: Privat

I Flora skal dei fokusere på to fagområde, energi og havbruk. Aasrud håpar rommet vil inspirere barn og unge til å velje yrke innanfor desse to næringane.

– Vi treng unge som er leikne og utprøvande innanfor realfaga. Eg håpar vi får gründerar, innovatørar og folk som kan tenke utanfor boksen, seier Tone Aasrud.

Vart inspirerte i Trondheim

Etter ønske frå politisk hald i kommunen og rådmannen blir Newton-rommet ein realitet. Kommunen skal eige og drive rommet. Dei har fått 2,5 millionar frå sponsorar innanfor næringane. Etter politikarane og rådmannen var på besøk i Newton-rommet i Trondheim har dei jobba for å få til dette også i Flora.

– Det er her vi har potensial til å utvikle desse næringane. Og vi har mykje å gå på i forhold til å få unge som er interesserte og flinke i desse faga, seier Aasrud.

Rommet skal brukast av unge frå barnehagealder og til og med vidaregåande skule.

– Vi håpar rommet blir til glede og inspirasjon for mange, seier Tone Aasrud.

Newtonrommet i Florø

ROMMET: Slik kan Newton-rommet sjå ut.