No blir det fine dagar i skibakkane

Til helga kjem finvêret, og skisentera håpar på mykje folk i bakkane.

Stryn Vinterski

OPPHALDSVÊR: Til helga er det meld opphaldsvêr og sol. Her frå Stryn Vinterskisenter.

Foto: Stryn Vinterski

– I helga ser det ut til å bli fine dagar, seier statsmeteorolog Marianne Skolem Andersen.

Det kan koma noko snø heilt i indre strøk på laurdag, men elles blir det opphaldsvêr og periodar med sol. Det vil ikkje bli store temperaturendringar.

– Det som er litt kjedeleg er at me kan få ein nordleg liten kuling på kysten, så det kan bli litt surt, seier Andersen.

Sogn Skisenter

FORVENTAR FOLK: Dagleg leiar av Sogn Skisenter forventar mykje folk i bakkane.

Foto: Sogn Skisenter

Ikkje toppsesong for skisentera

– Med slike strålande vêrmeldingar som til helga forventar me mykje folk, seier dagleg leiar ved Sogn Skisenter på Hafslo, Runar Henning Tørvi.

Sesongen til no har ikkje vore så bra som han hadde håpa, men senteret har likevel klart å halda alle bakkar og heisar opne.

– Me har fått 20 centimeter nysnø totalt dei siste dagane. Utsiktene for helga er veldig gode, seier Tørvi.

Stryn Vinterski

GODE FORHOLD: Det er bra føre i bakkane i Stryn Vinterski.

Foto: Stryn Vinterski

Stryn Vinterski i Stryn har også merka at sesongen har vore tøff i år. Som Sogn Skisenter har også Stryn Vinterski klart å halda ope. Til helga trur leiaren at det vil bli gode forhold.

– Det er vanskeleg å spå om det kjem mykje folk, men det er nok naturleg med tanke på det vêret som er meld, seier dagleg leiar i Stryn Vinterski, Rolv Olav Flo.

– Det er bra føre i bakkane, særleg i den øvste delen. Akkurat no snør det, og det er kaldt i fjellet. Til helga kjem finvêret, seier Flo.

Sogndal Skisenter Hodlekve i Sogndal og Harpefossen Skisenter i Nordfjordeid melder også om nypreparerte løyper og nysnø.

Tips oss om korleis føreforholda er hos deg på sf@nrk.no.