Hopp til innhold

Slik ser det ut på på ein av hovudvegane mellom aust og vest no

Køyreforholda over mange fjellovergangar kan bli svært vanskelege måndag både i sør og nord. På riksveg 15 over Strynefjellet mellom Nordfjord og Ottadalen er det no snø- og slapseføre.

Snø har lagt seg i vegbana på Strynefjellet måndag

SNØR TETT: I Grasdalen på Strynefjellet har snø og slaps lagt seg i vegbana måndag.

Foto: Statens vegvesen

– Det er meldt store mengder nedbør, så skal du over dei høgstliggjande fjellovergangane så er det kun vinterdekk som gjeld, seier trafikkoperatør i Statens vegvesen, Annie Serup.

Ho opplyser at brøytemannskap er sett i beredskap både på Strynefjellet og Valdresflye.

– Skal du over desse eller andre fjellovergangar, må du sørge for å planlegge godt, er Serup sitt klare råd.

Måndag føremiddag er det sendt ut gult farevarsel for mykje snø i Ofoten, Sør-Troms, Hordaland, Hedmark, Oppland, fjellet i Sør-Noreg, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Trøndelag, Troms og Finnmark.

Statens vegvesen sine råd er tydelege:

  • Bruk rett dekk og køyr etter forholda
  • Følg med på veg- og vêrmeldingar
  • Rekn med ekstra lang tid på turen

På Strynefjellet kan det kome opp mot 50 mm nedbør mandag og tirsdag. Det betyr opp mot 50 centimeter snø. På Sognefjellet er det meldt opp mot 30 mm nedbør. Nedbøren kjem saman med sterk vind.

Det er også sendt ut farevarsel for høg vasstand i Møre og Romsdal og Trøndelag.

Kvenangsfjellet i Troms 30. september 2019

SURT I NORD: På Kvenangsfjellet i Troms er det måndag morgon snø og slaps.

Foto: Statens vegvesen

Mange har haustferie

Denne veka er det mange på Sørlandet og Austlandet som har haustferie og trafikken til fjells vil vere høgare enn vanleg.

–Vi veit at haustferievekene fører til ein god del trafikkulukker. Mange bilistar blir overraska over snø og is på vegen. Generelt ventar altfor mange i det lengste med å skifte til vinterdekk, trass i at dei veit at dei risikerer å møte snøbyger og nullføre, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgiver i Tryg Forsikring.

Familien Elvrum er på hytta på Vaset i Valdres.

– Vi vakna opp til snø og ei minusgrad i dag tidleg, seier Anne Katrine Elvrum til NRK.

Søndag gjekk familien over Besseggen der det var fem cm nysnø på toppen. Då såg dottera Maxine Elvrum Berg og hunden Viggo sitt snitt til å leike med snøen.

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for snø, sludd, slaps og vind frå Finnmark i Nord til Hedmark i aust.

Eit kraftig lågtrykk over Sverige og Finland må ta skulda for dette. Vi blir liggande på vestsida av dette og får «nyte godt» av kjølig luft frå Nordishavet.

Maxine Berg Elvrum kastar snø i lufta på Besseggen 29. september 2019

NYTER NYSNØEN: Maxine Berg Elvrum var på tur over Besseggen i helga. Der har nysnøen lagt segt.

Foto: Privat

Solid temperaturdropp

– Frå å vere nesten opp i 20 grader laurdag, så vil temperaturen kome under 10 grader mange stader når vi kjem til måndagen. Nattetemperaturen kan nærme seg null grader i dei indre stroka, seier statsmeteorolog Per Egil Haga.

Han ber folk vere merksame på at den radikale vêrskiftet vil føre til trøbbel for dei som vurderer å leggje ut på fjellovergangane på sommardekk. Både i Finnmark, Nord-Troms, Nord-Vestlandet og nordlege deler av Austlandet vil snøen legge seg.

På fjellovergangane i Sør-Noreg vil også fokksnø kunne bli eit problem, så skal du over fjellet, legg på vinterdekk, oppmodar meteorologen. Fleire stader både i sør og i nord vil temperaturen gå raskt ned mot null og kanskje under, ikkje minst i indre strok.

Her stenger dei vegen over Aurlandsfjellet

STENGER FJELLVEG: Ikkje eit snøkorn i sikte, enda. Men fylkesveg 243 mellom Aurland og Lærdal blei måndag midlertidig stengd.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK
Gult farevarsel for Troms og Finnmark

GULT FAREVARSEL: Meteorologisk institutt har sendt ut klar melding om at det kan bli snø og vanskelege køyreforhold i Nord-Troms og Finnmark.

Foto: @meteorologene
Gult farevarsel for Sør-Noreg

TØFT OVER FJELLET: Det er venta at snøen vil leggje seg på fjellovergangane nord i Sør-Noreg.

Foto: @meteorologene