I løpet av 2016 skal det setjast opp fleire nye DAB-sendarar i Sogn- og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder. Utbygginga vil gi ei lengt betre radiodekning langs vegnettet, og spesielt viktig er det å få robust radiodekning over fjellovergangane.
– Ikkje minst E39, som er ei svært viktig trafikkåre, har høg prioritet. Det skal opp fleire sendarar langs denne vegstrekninga, seier Petter Hox, som er sjef for radiodistribusjon i NRK.
Her kjem utbetringane:
- E39 Førde–Sande–Vadheim–Romarheim
- E16 Tyin–Borlaug
- Rv53 Tyin–Årdal
- Rv51 Strynefjellet
- Rv5 Kjøsnesfjorden
- Ortnevik
- Luster
- Sula
- E134 Røldal – Kyrping
- Sveio
- Sotra
- Rv42 Helleland – Tonstad
- Rv45/Rv468 Dirdal – Tonstad
- Rv455 Kylland – Åseral
– Over Strynefjellet kjem det no DAB dekning, noko om sikrar trafikktryggleiken. Tettstadar som Fjell på Sotra og Luster i Sogn er eksempel på stadar der DAB dekninga blir styrka, seier Hox.
Ny radiokvardag
DAB vil frå 2017 erstatte FM-nettet som hovuddistribusjon av riksdekkande radio. Som fjerde blir FM-nettet i Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agder sløkt 21.06.2017.
Nordmenn har allereie fått ein ny radiokvardag med langt fleire radiokanalar.
– Hugs at omlegginga til digitale nett kan føre til endring i brukarvanar både i apparatbruk og for mottak. Gjer kanalsøk og justeringar på antenna dersom det er naudsynt. Sjekk også kva kanalar som no er på lufta der du er, seier Mari Hagerup, som er kommunikasjonssjef Media i Digitalradio Norge.