NRK Meny
Normal

No blir den utbrende bussen undersøkt

Politiet er i gong med dei kriminaltekniske undersøkingane av turistbussen som brann i Gudvangatunnelen, melder NTB.

Bussvraket i Gudvangatunnelen

UTBRENT: Til alt hell kom ingen alvorleg til skade då turistbussen byrja å brenne i Gudvangatunnelen førre veke.

Foto: Veum, Arne / NTB scanpix

Lensmann Magne Knudsen seier det er fullt fokus på undersøkingane framover.

– Bussen er frakta til trafikkstasjonen ved Håbakken i Lærdal. Der vil kvalifisert personell gjennomføre den tekniske kontrollen av bussen, seier Knudsen til NRK.

Det er folk frå Havarikommisjonen, teknikarar frå politiet, Kripos og ulukkeskommisjonen til Statens vegvesen som er med på undersøkingane.

– Bussen er jo heilt utbrent. Kor enkelt blir det å finne årsaka til brannen?

– Det blir nok ikkje lett, men vi jobbar systematisk og har dyktige folk. Eg er imponert over korleis dei jobba ved førre brann i Gudvangatunnelen, seier han.

Lensmann Magne Knudsen

LENSMANN: Magne Knudsen kan ikkje seie noko om kor lang tid det vil ta å etterforske bussbrannen i Gudvangatunnelen. – Men det kan ta lang tid, seier han.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fem personar, mellom dei sjåføren, blei frakta til sjukehuset på Voss etter at den svenske bussen med 32 kinesiske turistar begynte å brenne inne i Gudvangatunnelen tysdag førre veke. Ingen blei alvorleg skadde.

Knudsen opplyser at bussjåføren er avhøyrd som mistenkt, men understrekar at dette berre er snakk om rutinemessig avhøyr. Sjåføren har forklart i eit politiavhøyr på Voss lensmannskontor at han ikkje oppdaga røyk frå køyretøyet før han køyrde inn i tunnelen.

– Alle dei som var på sjukehuset og mellom fem og ti vitne, er avhøyrde. Så vi er godt i gang med avhøyra, seier Knudsen.

Politiet kan førebels ikkje seie noko meir om kvifor bussen byrja å brenne. Dei har heller ikkje opplysningar som tilseier at føraren vil bli sikta i saka.

Gå til forsiden

Her sleper dei bussvraket ut av Gudvangatunnelen

Her blir vraket slept ut

Her sleper dei bussvraket ut av Gudvangatunnelen

7 bilder

    Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
    Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
    Ordninga bør endrast