Hopp til innhold

No blir den observert i store delar av fylket

Var totalt ikkje-eksisterande – men no har grevlingen blitt eit vanleg syn.

Grevling på kveldsbesøk i Mosvik

VANLEGARE: Du har kanskje ikkje sett så mange grevlingar i Sogn og Fjordane - men sjansen for å få slike syn blir stadig større.

Foto: Grethe Belsvik Myrabakk

– Inntrykket er at bestanden har vore aukande dei siste ti åra her i indre strok, seier Are Endal Rognes.

Han er fjelloppsyn i Luster, og viser til at det er ein solid grevlingbestand i kommunen.

Det stemmer med inntrykket til Rein-Arne Golf i Statens naturoppsyn.

– Vi registrerer at det er grevling i nesten heile fylket. Men det er fleire i indre strok enn i ytre, seier han.

Er «ganske mykje» grevling i indre strok

Grevling er utbreidd over det meste av Europa og Mellom-Asia. I Norge lever den i låglandet på Austlandet, Sørlandet og i Trøndelag.

Lenge var Vestlandet sett på som «grevlingfritt», og ifølgje bokverket «Norges dyr» har Sogn og Fjordane vore eit område heilt utan grevlingobservasjonar. No har det endra seg.

– Grevlingen har blitt ein langt vanlegare observasjon. Det er ein art ein stort sett ser nattestid, så det kan også vere ein god del fleire enn dei vi ser – men vi ser at det er ganske mykje grevling her inne no, seier Rognes.

Har registrert fleire påkøyrslar i år

Det finst ikkje tal på kor stor bestanden er i Sogn og Fjordane. Men ifølgje Statistisk sentralbyrå er Hordaland og Sogn og Fjordane dei einaste fylka på Vestlandet utan innrapportert fangst av grevling. Derimot har to-tre grevlingar blitt offer for bilar i Luster i sommar og haust.

Rognes meiner Indre Sogn er eit område som eignar seg godt for rovdyret.

– Grevlingen trivast med milde vintrar, ein lang sesong og rikeleg tilgang på frukt, seier han.

Ifølgje Petter Bøckman ved Naturhistorisk museum kan grevlingen ha spreia seg både frå Austlandet og Sørlandet – anten over fjellet eller nordover langs kysten.