Det ser ikkje så veldig delikat ut, det grøne grumset du ser langs strendene i fjordar og vatn for tida.
Mange fortvilar nok også over at hagemøblar og terrassar ser ut som om du har gløymt å gjere vårreinhaldet.
– Vi ser dette kvart år, men eg har aldri sett så mykje. Men normalt plar det sjå meir slimete og grumsete ut, seier Magni Aa Berge i Hyen.
– Fin farge
Sjølv seier ho at ho ikkje har så mykje peiling på kva dette er for noko, men ho let likevel ungane bade i Storfjorden i Hyen sidan det var så fin, lysegrøn farge pollenet som flaut i fjorden.
– Eg sa til ungane at det kanskje ville førebyggje mot pollenallergi om dei bada i vatnet, humrar Aa Berge.
Høgsesong for furupollen
Om den teorien held fagleg mål, skal vere usagt. Men farleg er det uansett ikkje. Vi er nemleg midt inne i høgsesongen for furupollen.
– Det vi ser i fjordane no er pollen frå furu som blomstrar. Det vil den gjere nokre dagar til. Men pollen frå furu er ikkje allergiframkallande, men for dei som er ekstra sensitive kan støvet verke irriterande om ein pustar det inn, fortel pollenanalytikar Hallvard Ramfjord i Astma- og Allergiforbundet.
Varmen betyr ingenting
Han fortel at bjørkepollen-sesongen er over og at ein no ventar på sesongen for graspollen, som begge deler er mykje verre for dei mange allergikarane.
Det varme vêret som Sør-Norge opplever for tida, har uansett ikkje noko å seie for spreiinga av pollen.
– Korleis pollensesongen vil arte seg vert bestemt av vêret i august og september året i førevegen, seier Ramfjord.