Hopp til innhold

Utsette avgjerd om samanslåing

MÅLØY (NRK): Kommunestyret i Vågsøy har bestemt seg for å utsette saka om samanslåing med Flora - til Kinn kommune - i ei veke. Årsak. Vågsøy Høgre klarte ikkje å bestemme seg i dag.

Kinn kommune

Politikarane i Vågsøy ville ikkje sei sei ja eller nei til samanslåing med Flora i dag. Det heile enda med utsettelse. Kommunestyret i Vågsøy vil vente ei veke før dei tek stilling til om dei skal slå seg saman med Flora kommune.

Det var Vågsøy Høgre som kom med forslaget om å utsette avgjerda i ei veke, noko dei hadde meldt kunne skje allereie før kommunestyret tok til.

Fleire av politikarane var samde i dette, men nokre etterlyste lenger tid enn ei veke. Blant desse var Hogne Bleie (Frp) som kom med eit forslag om å utsette avgjerda til neste ordinære kommunestyremøte 1. juni 2017.

– Eg kan vere med på å støtte forslaget til Høgre, men utsette det til lenger enn ei veke. Vi må utsette det til neste ordinære kommunestyremøte, sa Bleie.

Politikarane gjekk likevel einstemmig inn for forslaget til Vågsøy Høgre.

Fekk ikkje nok tid

Vågsøy Høgre følte at dei ikkje hadde hatt nok tid på å fordøye all informasjon internt i gruppa den siste tida.

– Gruppa er delt. Det har vore ei kaotisk veke. Vi har fått mykje informasjon utan at vi har fått moglegheita til eit skikkeleg møte om dette, seier fungerande gruppeleiar, Kristian Skibenes.

Tidsjaget vart for voldsomt for politikarane, som ba om utsetting. Det fekk dei kommunestyret med på. Saka vart avgjort om nøyaktig ei veke.

– Det har kome veldig mykje informasjon sidan innbyggjarhøyringa vart offentleg førre fredag, så vi har ikkje fått bearbeidd informasjonen skikkeleg. Dette blir ei avgjerd vi fattar undervegs i møtet i dag, sa fungerande gruppeleiar i Høgre, Kristian Skibenes.

Saka fortset under bildet.

Høgregruppa i Vågsøy

TAR AVGJERD UNDER UNDER KOMMUNESTYERT: Høgregruppa i Vågsøy hadde ikkje bestemt seg før kommunestyret.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Varsla utsettelse tidleg

Medan Ap er samla for ein storkommune, er biletet i Høgre heilt anna før møtet som starta klokka 14. Det er klart at Høgre er delt. Venstre sin gruppeleiar Edvard Iversen seier til NRK at Venstre si gruppe er samla. Alt tyder på at Høgre-gruppa vert heilt avgjerande.

Undervegs flagga tre høgre-representantar syn. Therese Sæbøe Strand er for. Rolf Domstein er mot. Kjell Gunnar Tennebø ville utsette saka.

Sæbøe Strand argumenterer for ei slagkraftig kyst kommune. Domstein meiner ei kommune med så store avstandar vert ei delt kommune.

– Ein føresetnad for å lukkast med nye kommunar er ei overkomeleg avstand, meiner Domstein. Som i utgangspunktet støttar kommunereformen.

Domstein varslar utsettingsframlegg.

– Det skjer ting med Selje og Eid, det skjer ting med Bremanger. Det vil kome eit utsettingsframlegg frå Høgre, og gruppa har delte meiningar. Blir eg tvinga til å røyste ja eller nei, så vert det nei, seier Domstein.

Høyrde ikkje på befolkninga

Ap-ordførar Kristin Maurstad gjorde det klart at trass i at det klare innbyggarfleirtalet går mot Kinn kommune, i fylgje innbyggarhøyringa (55 prosent nei medan 31 prosent går mot), vil ho gå inn for at kommunen sler seg saman med Flora.

– Innbyggarhøyringa er eitt av fleire moment som skal gjelde, men politikarane må ta ansvaret. Eg ynskjer verkeleg å realisere Kinn kommune. Ikkje fordi eg er redd andre konstellasjonar, men fordi eg virkeleg har tru på Kinn kommune.

Kinn kommune

Hogne Bleie (Frp) er motstandar av Kinn kommune:

– Spør vi befolkninga om kva dei meiner, så skal vi gjere som dei seier, seier Bleie under debatten.

Sp er mot, det same er Tverrpolitisk liste og Krf. Frp er delte på midten.

Ordførar Kristin Maurstad (Ap) varslar at ho vil sjå vekk frå innbyggarhøyringa når ho i dag støttar Kinn kommune.

– Innbyggarhøyringa er eitt av fleire moment som skal gjelde, men politikarane må ta ansvaret. Eg ynskjer verkeleg å realisere Kinn kommune, ikkje fordi eg er redd andre konstellasjonar, men fordi eg verkeleg har tru på Kinn kommune, sa Kristin Maurstad.

Sterk kystkommune

Det er Høgre som ser ut til å bli tunga på vektskåla når politikarane i Vågsøy fattar politikarane vedtaket som kan føre kommunenamnet over i historiebøkene.

Kristian Skibenes

BINDER IKKJE: Fungerande gruppeleiar Kristian Skibenes i Høgre seier dei per no ikkje har bunde politikarane til eit vedtak.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Alternativa er å slå seg saman med Flora til Kinn kommune, å avvise storkommunen eller å utsetje saka. Kanskje med tanke på å anten overtale Bremanger kommune med i Kinn, eller å vurdere samanslåing med Eid og Selje kommunar.

– Høgre har signalisert heile vegen at vi ynskjer ein sterk kystkommune, og tok opp att denne tråden etter. Sidan har vi jobba grundig med det som utgangspunkt, seier Skibenes.

Men under gruppemøtet i Måløy som vart avslutta 20 minutt før møtestart var medlemmane samde om å vente med å flagge endeleg syn.

Les også: