NRK Meny
Normal

No aukar faren for flaum

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har no oppgradert flaumvarselet til oransje nivå.

Elv i Lærdal
Foto: Jan Christian Jerving

Dette gjeld Sogn og Fjordane – i tillegg til Møre og Romsdal, Hordaland, Rogaland, Aust-Agder, Telemark, Buskerud og Oppland:

Brigt Samdal - Regionsjef Vest NVE

FØLGER MED: -Klart det er utfordrande ein fredag i juli, men vi har beredskapsmøte no og følger godt med, seier Brigt Samdal i NVE.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Med dei oppdaterte prognosane frå Meteorologisk institutt saman med temperaturstiginga som har vore, så er det slik at vi no bikkar inn i oransje nivå i forventa flaumfare. Det betyr at vi i enkelte område kan få ein større flaum enn det vi forventar å ha ein gong kvart femte år. Så i ein del vassdrag må ein vere ekstra på vakt no, seier Brigt Samdal i NVE.

Han fortel at dei følger situasjonen veldig nøye, og skal ha beredskapsmøte no der dei skal fordele vaktene som det best let seg gjere ein fredag i fellesferien.

– I tillegg er dette eit viktig signal til kommunane, at dei no har kontroll på kulvertar og rister, og har mannskap som er oppdatert på situasjonen. Det er mange turistar i fylket og mykje å passe på, meir enn elles.

Aurlandsordføraren trur og håpar dei er godt budde

Aurland kommune blei hardt råka ved førre flaum. Den store utfordringa no er i Flåmvassdraget der sikringsarbeidet ikkje er avslutta.

Foreløpig ser det ut til at det går veldig greitt og at elva har kapasitet til å ta unna, men det er klart at vi er inne i ein kritisk fase, så vi følger situasjonen nøye heile vegen, seier Noralv Distad som er ordførar i Aurland.

Noralv Distad

ER BUDD: Ordførar i Aurland, Noralv Distad, seier både kommunen og innbyggarane er budde på evt skader, men håpar på det beste,

Foto: NRK

– Vi har maskiner og utstyr på plass framleis, det vart jo oppdaga då vatnet steig at det var skader på ein del av sikringsarbeidet som vart gjort. Det vart teke fatt no i dag tidleg, så det vert retta opp. Det var ikkje nokon akutt situasjon, men vi følger med og om det er noko som gjerast vert det gjort umiddelbart.

Innbyggarane er klare til å stille opp

– Er folk i bygda urolege?

– Nei, eg har inntrykk av at folk har eit veldig greitt forhold til det, dei er vane med høg vassføring på denne tida. Men det er klart at mange sjølvsagt er spente. Den tilbakemeldinga vi har fått på folkemøte er at mange er klare til å stille opp som frivillige, så det er tryggande.

– Det er også viktig at folk som er ute i båt på fjorden er oppmerksame på trestokkar og anna som driv frå elva ved høg vassføring. Vi har varsla dette til hamnestellet.

For Sogn og Fjordane og Hordaland er det også sendt ut varsel om jord- og flaumskredfare på gult nivå.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå