Hopp til innhold

NM-vinnaren drøymer om OL

Inger Anne Frøysedal har blitt den nye store friidrettsprofilen frå Sogn og Fjordane. No siktar ho mot OL.

Inger Anne Frøysedal gull i NM

SUVEREN: Inger Anne Frøysedal er i ein klasse for seg i norsk tresteg. No våger ho også å tenkje framover mot OL.

Foto: Rune Fossum / NRK

Inger Anne Frøysedal tok gull i tresteg og var berre seks centimeter frå ein bronse i lengde under friidretts-NM i helga.

LES OGSÅ:

Torer å tenkje mot OL

Med det vart ho den einaste utøvaren frå Sogn og Fjordane med gull - og ho forsvarte samstundes gullet frå 2009.

No torer ho også å drøyme om å delta i OL.

- OL er sjølvsagt eit mål for alle som driv med friidrett. Eg seier ikkje at eg skal dit, men eg har eit mål om det - ein draum, seier Frøysedal.

- Snakkar vi allereie i 2012?

- Ja, om det er mogleg, så...

(Artikkelen held fram under biletet)

Inger Anne Frøysedal

NØGD: Inger Anne Frøysedal var nøgd etter sitt andre strake NM-gull i tresteg.

Foto: Rune Fossum / NRK

Satsar tøft på idrett og skule

Frøysedal deltok i sommar for første gong i EM, der ho vart nummer 21.

I Norge har ho utvikla seg til den store einaren i tresteg.

I tillegg går ho på det tøffe veterinærstudiet, og har nok å henge fingrane i om dagen.

- Eg får ikkje gjort så mykje ved sidan av skule og trening. Det tek mykje tid, seier 21-åringen.

Må halde seg unna skader

Neste år satsar nordfjordingen mot U23-EM, der ho har gode sjansar til å hevde seg. For etter at ho flytta til Oslo for å satse på idretten sin i ein alder av 16 år, har ho jamt nærma seg dei aller beste.

I sommar har ho dessutan vore over den norske rekorden i tresteg - men i for sterk medvind til at hoppet vart godkjend som norgesrekord.

Skal ho til OL, må ho halde fram den gode utviklinga.

- Eg må iallfall ha ein kontinuerleg treningsperiode og halde meg skadefri. Eg trur det er lurt å ta dei små stega, slik at ein ikkje tek alt på ein gong og blir skadd, seier Frøysedal.