Hopp til innhold

- No skal vi bli endå betre

I helga vart Førde VBK Nordens beste volleyballag. No skal dei bli endå betre.

Frank Roger Kalstad og Nils Numme i Førde VBK

BEST SKAL BLI BETRE: Førde Volleyballklubb er best i Norden, mykje takka vere spelar Nills Numme (t.h.). Men trenar Frank Roger Kalstad vil bli endå betre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Laurdag spelte Førde Volleyballklubb seg til siger under Nordic Club Championship, og er dermed nordiske meistrar. Men dei kviler ikkje lenge på laurbæra.

Allereie dagen etter byrjar planlegginga av nye mål. For trenar Frank Roger Kalstad hadde trua på siger, lenge før den avgjerande kampen vart spelt.

Trudde på siger

– Det var heilt fantastisk å vinne denne turneringa. Men vi hadde tru på det i forkant også. Vi såg på Marienlyst som det sterkast laget, og dei tapte vi knepent mot i innleiinga. Eg meiner vi er eit sterkare lag no, enn då vi trefte dei sist.

Førde-spelar Nils Numme markerte seg under meisterskapen. Med heile 78 poeng var han den desidert beste spelaren.
Han meiner slagordet dei hadde valt før turneringa, gav dei sigeren.

Motto: «aggressivitet»

– Det hadde med mottoet vårt å gjere. Nemleg aggressivitet. Vi gjekk på med eit stort engasjement, og tenkte ikkje så mykje på konsekvensane. Det trur eg var veldig viktig, for at det gjekk som det gjekk.

– Det verkar som ein dristig strategi?

– Ja, men det funka, humrar Førde-spelaren.

Å vinne den nordiske meisterskapen var eit langsiktig mål for klubben i deira fireårsplan. Men dei nådde det allereie i det fyrste året. No vil trenaren setje seg større mål, og gjere laget endå betre.

Førde VBK Nordiske meister

JUBEL: Førde VBK var nordiske meistrar i helga, og hadde god grunn til å juble.

Foto: Jørn Kvalen

Bra, betre, best

– Det som er viktig for meg er at vi stadig vekk forbetrar det sportslege tilbodet vi har i klubben. At vi trenar betre, at vi prøver å knytte til oss gode spelarar, og at vi held fram med å rekruttere unge, lovande.

– De er akkurat blitt nordiske meistrar. Kor mykje betre kan de bli?

– Det er alltid mogleg å bli betre. Den dagen vi sluttar å ha som mål å bli betre, vil vi få eit stort problem.

Pirrande siger

– Stabiliteten i spelargruppa er ei utfordring for ein klubb som Førde. Dessutan må vi bli meir profesjonelle. Skal ein bli betre må ein ha ressursane til å gjere det.

Kva inntekter som kan kome ut av helgas siger, er trenaren usikker på. Men han håpar prestasjonane kan pirre nokon til å ville satse på deira «produkt».

– Du etterlyser sponsorar?

– Vi har mange, og gode sponsorar. Men vi må alltid søkje fleire moglegheiter, seier Førde-trenar Frank Roger Kalstad.