Hopp til innhold

Her ryk draumen om kongepokal

Framfor eit forventingsfullt publikum kollapsa kneet til Vebjørn Varlid då han skulle kapre kongepokalen.

Vebjørn Varlid måtte trekkje seg

NED FOR TELJING: Vebjørn Varlid måtte i bakken etter at kneet svikta i støt. Dermed vart det heller ingen kongepokal.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er heilt forferdeleg – og ikkje så mykje meir å seie. Eg var i kjempeform, og så får eg ei tullete vriding i kneet, seier Vebjørn Varlid.

Det var dagen då 21-åringen endeleg skulle ta tilbake kongepokalen for Tambarskjelvar, etter at Bjørgvin og Per Hordnes har hatt den dei siste seks åra.

Hadde kongepokalen nesten i lomma...

Og det heile byrja så bra, med solide 157 kilo i rykk. Om han greidde 199 kilo i støt, ville kongepokalen vere hans. På 190 kilo første forsøk, gjekk det derimot gale:

Varlid gjorde ei god vending, men så ramla han bakover – med tydelege smerter i kneet. Då det ikkje gjekk betre på dei to siste forsøka, vart tungvektaren ståande utan teljande resultat på heimebane.

– Det var mange som trudde kongepokalen var din etter at det gjekk så bra i rykk...

– Ja, og eg var nok blant dei. Eg var der eg skulle vere. No skulle eg ta 190 kilo i første, og så 199 – og med moglegheit for meir. Så dette var ikkje akkurat planen, seier Varlid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vebjørn Varlid - NM 2012

LOVANDE: Vebjørn Varlid tok 157 kilo i rykk, og alt tydde på at 21-åringen hadde kontroll på kongepokalen...

Foto: Rune Fossum / NRK

– No er eg berre veldig skuffa

Då NRK.no snakkar med den skuffa vektløftaren, ligg han på ryggen i oppvarmingsrommet med ein diger ispose på kneet.

NM på heimebane i Naustdal er over. Draumen om kongepokal er knust. Fleire av konkurrentane kjem bortom for å gje litt trøyst og støtte.

– Det som irriterer meg er at ein så liten ting øydelegg noko så stort, seier Varlid.

– Kor skuffa er du no?

– Det har ikkje heilt gått opp for meg enno. Men eg er jo veldig skuffa. Alle vennene mine hadde møtt fram, det var stor stemning i salen – og så skjer noko slikt, seier han.

Kongepokalen gjekk til Hordnes

Skaden er etter det NRK.no forstår ikkje noko alvorleg. Varlid reknar med at ei tpar vekers pause vil vere nok til at han kan satse hardt vidare.

Uansett vart det ingen kongepokal til Tambarskjelvar. Per Hordnes frå Bjørgvin tok pokalen for sjuande året på rad.

Andre resultat for løftarane frå Tambarskjelvar:

  • Marit Årdalsbakke tok gull i klasse 63 kilo framfor lagvenninne Sunniva Bruland.
  • Jantsen Øverås tok gullet i 69-kilosklasen.
  • Steinar Kvame tok sølv i klassen 77 kilo.
  • 16 år gamle Tore Gjøringbø endå på fjerdeplass i i 85-kilosklassen.
  • Trude Raad tok sølv i klassen 75 kilo.
  • Sindre Rørstadbotnen tok bronse i klassen 94 kilo.
Vebjørn Varlid måtte trekkje seg frå NM

GAV OPP: Til slutt måtte Vebjørn Varlid innsjå at han ikkje klarte å få teljande resultat i NM på heimebane.

Foto: Rune Fossum / NRK