I tillegg blei det stafettgull, sølv og bronse på eidaren i lag med kameratane i Bergenssvømmerne. Men trass fire medaljer er eidaren ikkje heilt nøgd med utteljinga i meisterskapen.
I tillegg til dei tre stafettmedaljane symde 19-åringen inn til femteplass på favorittdistansen 100 meter fri, og sjetteplass på 50-meteren. På 200 meter fri sikra eidaren seg sin første NM-medalje individuelt som senior, og at pallplasseringa kom på 200-meteren var ganske overraskande.
Etter ein kort sommarferie er det klart for hardtrening fram mot ny konkurransesesong med start i november, og sjølv om utteljinga i NM ikkje blei heilt etter ambisjonsnivået, er Sander Smørdal meir enn motivert til vidare satsing.