NRK Meny

NM-gull til Tambarskjelvar

Tambarskjelvar vann lag-NM i vektløfting for kvinner i Vigrestadhallen i Rogaland i dag. Sandra Trædal, Marit Årdalsbakke og Ine Andersson sørga for edelt metall til favorittane frå Naustdal. Bergenslaga Flaktveit og Bjørgvin tok dei neste pallplassane. Akkurat no ligg også herrelaget godt i løypa til å ta gullet, etter at øvinga rykk er unnagjort.