NM-gull til Kjerpeset

Kristi Strømmen Kjerpeset (Florø T&I) tok i dag gull på 100 meter hekk på siste dag av junior-NM i Brandbu. Tida 13,61 er under hennar personlege rekord og krinsrekord, men på grunn av litt for sterk medvind vert ikkje resultatet notert som krinsrekord. Thomas Mardal (Gloppen FIL) noterte seg med si tredje medalje i meisterskapen då han tok sølv i kule med 16,34 meter.

Kristi Strømmen Kjerpeset
Foto: Ståle Jan Frøynes / Norsk Sprint