Gloppenjenta sikra seg dermed sitt tredje strake NM-gull i øvinga, under våte og svært vansklege vertilhøve på Florø stadion.
Cecilie Rise var suveren i tresteg-gropa på Florø stadion fredag. 27 åringen strekte seg til 13,02, og var lengre i alle seks finalehoppa enn lengstehoppet til sølvvinnar Maria Høgheim frå Lysekloster. Rise gjorde ein imponerande jamn konkurranse under dei vanskleg tilhøva, og konstanterer at NM-formen er på plass.
I dag står kvalifisering til lengdefinalen søndag på programmet, der gloppenjenta går for nok eit NM-gull.
Helle Nybø Waage frå Florø enda på sjuandeplass i trestegkonkurransen med eit lengstehopp på 11 meter og 47 cm.
Vegard Vågane enda sist i sleggeøvinga, men 19-åringen som debuterte med seniorslegge sette likevel personleg rekord med eit kast på 47, 93 meter.