NRK Meny
Normal

NM er god butikk

Denne helga kjem 500 utøvarar til Byrkjelo for å delta på junior-NM i friidrett, noko som merkast i den vesle bygda og området rundt.

Rolf Kjetil Egge

I GONG: Leiar i hovudkomiteen,Rolf Kjetil Egge, konstanterer at NM på Byrkjelo er god butikk for bygdene rundt.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Når 500 utøvarar har med seg familie, trenarar og lagleiarar, så ein kan gonge det med både to og tre i talet på tilreisande, så merkast det. Både gjennom handel og overnatting, blir det lagt at mykje pengar, fortel leiar i hovudkomiteen, Rolf Kjetil Egge.

– Ein viktig inngangsportal

Egge har med seg om lag 250 funksjonærar for å gjennomføre arrangementet på Byrkjelo. Han fortel at å gjennomføre junior-NM er alfa omega for rekrutteringa til friidretten lokalt.

– Vi har mange unge og lovande friidrettsutøvarar både lokalt og nasjonalt, noko som er ei drivkraft og ein motivasjon for alle dei ungane som er her, fortel Egge.

Byrkjelo har arrangert junior-NM to gongar tidlegare og arrangert hovud NM tre gongar. Men Egge vil ikkje seie at han har sett ein direkte effekt av dette.

– Men det blir jobba godt med friidretten i Gloppen og vi ser at Gloppen FIL har mange gode resultat å vise til dei siste åra, seier han.

Aukande interesse

Også i den andre arrangørklubben, Breimsbygda, har ein sett ei aukande interesse for friidretten blant born og unge.

– Vi har mellom 40 til 50 ungar som møter på friidrettstrening fleire kveldar i veka, fortel Egge.

Leiaren er glad for å vere i gong med det han omtalar som finalen av gjennomføringa, men legg ikkje skjul på at dei er ambisiøse.

– Vi er kanskje litt galne som tek på oss så store arrangement i ei lita bygd, men vi har god historikk på det, mange dyktige funksjonærar og folk stiller på. Når ein drar lasset i lag og er positive som vertskap så fungerer det, seier Egge.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser