Hopp til innhold

Direktøren fekk prøve seg bak rattet: - Eg må iallfall unngå å krasje

Geir A. Mo har sete ved roret i Norges Lastebileigarforbund i eit halvt år. I dag fekk han prøve seg bak rattet i ein lastebil litt utanom det vanlege.

Geir A. Mo testar ut lastebilsimulatoren

UTFORDRINGAR: Geir A. Mo er overtydd om at den nyinnkjøpte lastebilsimulatoren blir viktig i jakta på nye sjåførar. Han fekk sjølv prøve den då han vitja Førde.

Foto: Anna Gytri / NRK

Mo er ikkje tung å be når han får tilbodet om å klatre om bord i den gule Volvo-lastebilen som står innandørs i Førde.

Vel plassert i setet med bilbelte på er han klar for ein prøvetur i den einaste mobile lastebilsimulatoren i Norge.

– Eg må iallfall unngå å krasje, og kome meg fram utan at det går gale, seier han før han startar motoren.

– Bratt læringskurve

Etter mange år i politikken gjekk Geir A. Mo til jobben som administrerande direktør i Norges Lastebileigarforbund sist sommar. Det siste halve året har han leia eit forbund der utfordringane står i kø.

– Det har vore utruleg spennande og utruleg moro. Eg har hatt ei bratt læringskurve og lært utruleg mykje, seier Mo til NRK.no.

Måndag var han på besøk i Sogn og Fjordane og etter to bedriftsbesøk var turen kome til å prøve ut simulatoren. Transportbransjen er i ferd med å bli forgubba og håpet er at lastebilsimulatoren skal gi unge ein forsmak på yrke og få fleire til å utdanne seg til sjåførar.

– Det er utruleg flott at ein har fått ein slik simulator i Sogn og Fjordane. Slik kan ein gje ungdomen ein smak av yrket, seier Mo.

Har nyleg fornya førarkortet

Det er opplæringskontoret for transport og terminalfag som har kjøpt inn doningen. Utanpå ser det ut som ein vanleg lastebilhengar, men inni står ei gul lastebilhytte med alle eigenskapane ein ekte lastebil har.

Rundt førarhuset står fleire store skjermar og når ein sit bak rattet får ein kjensla av at det er på ekte. Dei som skal prøve seg her treng ikkje å ha lappen frå før av, verken på stor eller liten bil, men Mo har uansett eit lite forsprang.

– Kor lenge er det sidan du køyrde lastebil sist?

– Det er faktisk ikkje meir enn tre månader sidan. Eg fornya førarkortet i september, så då hadde eg eit par køyretimar i lastebil og buss, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lars Andreas Kårstad styrer lastebilsimulatoren når Geir A. Mo får testkøyre den

VÊR OG VIND: Med nokre enkle tasttrykk kan ein enkelt lage både vind og snø på vegen for dei som køyrer simulatoren. Her er det opplæringskonsulent Lars Andreas Kårstad som styrer simulatoren når Geir A. Mo får testkøyre den.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Viktig at eg veit kor skoen trykker

Han har aldri hatt jobb som yrkessjåfør, men har likevel hatt sine timar på vegen i stor bil.

– Eg køyrde litt då eg var salsleiar i Diplom Is for mange herrens år sidan. Då var det ein 14 tonns Mercedes, så noko ordentleg svært har eg vel aldri køyrt, seier han.

At han veit kva det er å køyre lastebil er noko Mo har fått høyre at medlemmene set pris på. Og han meiner det sjølv også. I tillegg har det vore viktig for han å få reise rundt å møte bedrifter og opplæringsinstitusjonar. Slik skal han vere betre rusta for jobben han no står føre, nemleg valet til hausten.

– Når eg skal forsøke å få gjennom viktige saker for næringa, er det viktig at eg veit kor skoen trykker og at eg har vore ute og prøvd litt sjølv, seier han.

Sette direktøren på prøve

Og i simulatoren i dag fekk han prøve seg på noko nytt. Med nokre tasttrykk blir det tettare og tettare snøvêr rundt lastebilen der Geir A. Mo sit bak rattet.

– Han skal få køyre over ein liten fjelltopp på vinterføre, så vi får sjå korleis det går. Vi skal setje han litt på prøve, seier Rune Apneseth som er leiar ved opplæringskontoret.

Etter kvart som Mo klatrar oppover bakken blir vinden berre sterkare og sterkare. Av videobileta frå førarhytta kan Rune Apneseth sjå alt Mo gjer og på ein skjerm ser han kor fort det går. At det går i berre 30–40 kilometer viser at han har kontroll, meiner han.

– Det er glatt, så han greier nok ikkje å køyre fortare, seier Apneseth.

(Artikkelen held fram under biletet)

Geir A. Mo saman med Rune Apneseth

NØGD: Geir A. Mo er svært positiv til lastebilsimulatoren. Rune Apneseth (med ryggen til) fortalde i dag om korleis dei har brukt simulatoren til å reise rundt på skular i Sogn og Fjordane.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Meir fokus på vegar

Frå førarhuset er Mo imponert over det nye utstyret.

– Det er utruleg verkeleg og litt skummelt eigentleg, seier han

– Førebels har eg ikkje krasja og eg trur speglane mine er like heile, seier han før han konsentrerer seg igjen.

Konsentrasjon er ein viktig eigenskap for sjåførar langs vegane på Vestlandet. Det veit Mo. Dei neste månadene har han ei lang liste over saker som er viktige for Norges Lastebileigarforbund fram mot valet.

– Vi må få meir fokus på vegar. No har eg vore i Sogn og Fjordane, eit fylke eg kjenner godt sidan eg er fødd og oppvaksen her, men eg har også vore mange andre stader rundt om kring i landet.

– Det eg ser er at det er stor, stor, stor, mangel på sikre, miljøvenlege og trygge vegar. Det må vi snart få gjort noko med, seier han.

Kjempar for like konkurransevilkår

Ei anna viktig sak for forbundet er like konkurransevilkår. Lastebileigarforbundet er svært opptekne av at utanlandske transportørar blir kontrollerte, men også at dei må betale for dei same tenestene som norske transportørar må.

– Utan lastebilen stoggar Norge opp, men dei lastebilane som køyrer her skal operere innanfor like vilkår og konkurransevilkår, men slik er det dessverre ikkje i Norge.

Obligatorisk bompengebrikke for alle tunge køyrety er noko NLF har jobba for lenge, men framleis ikkje fått gjennomslag for. Utrekningar dei har gjort viser at bomselskapa går glipp av over 100 millionar kroner i året fordi utanlandske sjåførar snik seg forbi.

– Det kan ikkje vere slik at utanlandske selskap kan snike seg unna bompengar, ferjeutgifter og kontrollar, momsbetaling og skatt og avgifter, ramsar han opp.

Han vil ikkje gje medlemmene råd om kva parti dei bør stemme på ved valet, men seier det er nokre ting dei kan sjå etter.

– Dei kan sjekke kva parti som er interesserte i å få på plass like konkurransevilkår, kva parti som vil byggje ut trygge og sikre vegar og kva parti som vil jobbe med HMS-situasjonen, altså arbeidsplassen til sjåførane, nemleg forholda langs vegen, seier Mo.

– Tøffe utfordringar

Etter eit godt kvarter i simulatoren stig Mo ut av lastebilhytta, og han er heilt overtydd om at dette er vel brukte 2,8 millionar kroner.

– Eg er overtydd om at dette er eit nyttig verktøy i opplæringa.

Han er godt nøgd med eigen prestasjon, der han fekk prøve seg på det som fort kan vere den verkelege vêrsituasjonen på norske vintervegar.

– Her snødde det sidelengs, eller slik det pleier å gjere på Vestlandet, frå alle kantar på ein gong. Det var tøffe utfordringar, men veldig realistisk, meir enn eg hadde trudd, seier han.