Njål klar med ny sesong av Lisenskontrolløren

Njål Engesæth frå Florø har nok ein gong granska NRK sitt rikhaldige arkiv.

Njål Engesæth

NY SESONG: Det siste året har Njål Engesæth frå Florø jobba med ei ny sesong med Lisenkontrolløren. For mange er han også kjent som musikkjouralist i Lydverket.

Foto: Robert Rønning / NRK

– Eg vil seie noko om livet. Kva er det tidlause omkring det å vere menneske og erfaringane til menneska, seier han.

I over 50 år har det norske folket betalt TV-lisens. Florø-mannen Njål Engesæth som jobbar som journalist i NRK, ville finne ut om dei har fått valuta for pengane. Dei tre første sesongane heiter Lisenskontrolløren og som var reint arkivstoff.

– Eg kåserte rundt det eg fann i NRK-arkivet. Eg blei litt lei dette, og følte internt i NRK at eg blei sett på som han arkivfyren.

Etter kvart ville han kombinerer stoff frå det rikhaldige arkivet med intervju som kunne kommentere innhaldet.

– Det var anten ved at eg møtte igjen folk frå arkivet, eller finne folk som er i ein tilsvarande situasjon i dag. Eg ville prøve å samanlikne erfaringar frå i dag og for 40 år sidan.

Sarkastisk stil

Han fortel at tilbakemeldingar har vore gode, både frå dei har han intervjua og frå TV-sjåarane.

– Eg har ein spiss og sarkastisk stil, men dei eg intervjuar skal føle seg godt behandla.

Tema i haust er lykke, identitet, tru og kvinna. Den første episoden handlar om at Noreg er verdas nest lykkelege land å bu i.

– Sjølve konseptet innbyr til å ta for seg store tema, seier han.

Veit aldri kva han finn

I den neste episoden får vi møte skodespelar og komikar Robert Stoltenberg.

– Jøss, du er jo ein hyggeleg fyr, sa han til meg då vi møttest.

For han var kanskje litt kvass i dei første programma. Engesæth meiner han ikkje alltid kjenner seg sjølv igjen.

– Eg skrudde meg litt til og blei ein karakter. Det var kanskje litt slemt.

No er han i innspurten med den siste sesongen. Det står att litt redigering på dei to siste programma.

– Eg har litt dårleg tid, og det tek alt fokus i livet mitt. Det kvernar så mykje, men eg har ein spennande jobb og er privilegert. Eg veit ikkje kva eg finn i arkivet, og det blir litt leiting på måfå. Difor kan eg kjenne på ei lykkekjensle når eg finn noko eg vil bruke, fortel han.

Norge er verdens nest lykkeligste land å bo i, men hva er det som gjør oss lykkelige? Lisenskontrolløren treffer kvinnen som har hatt suksess med å være trist, lottomillionæren som er som andre millionærer og en voksen mann som jakter lykken han opplevde som 13-åring.

EPISODE 1: Den første episoden handlar om at Noreg er verdas nest lykkelege land å bu i. Men kva er det som gjer oss lykkelege? Det ville Engesæth ha svar på. Han møtte ei kvinne som har hatt suksess med å vere trist, lottomillionæren som er som andre millionærar og ein vaksen mann som jaktar lykka han opplevde som 13-åring.