Styreleiar Gitle Sande tek mot prisen frå fylkesordføraren. Foto: Eldgrim Fossheim, NRK
Det er Trafikktryggingsutvalet i fylkeskommunen som deler ut prisen. I grunngjevinga heiter det at Nistad er ei føregangsbedrift innan trafikktrygging og arbeid med helse, miljø og tryggleik for sine tilsette. Prisvinnaren syner med sitt engasjement eit samfunnsansvar og står fram som eit førebilete innan trafikktrygging. I tillegg til tryggleik arbeider Nistad og for mindre drivstoff-forbruk og mindre utslepp frå bilane sine.
"Val av risiko"
Nistad har i fem år vore med på eit program som heiter "Val av risiko". Det inneber at sjåførane får teoretisk opplæring og praktisk trening på glattkøyringsbane. Trass i at bedrifta har fått fleire tilsette har talet på skader gått kraftig ned.
Dagleg leiar Arne Nistad i Nistad Transportforretning. Arkivfoto: Rune Valberg, NRK
25.000 kroner
Trafikktryggingsprisen vart overrekte av fylkesordførar Nils R. Sandal og leiaren i Trafikktryggingsutvalet, Åshild Kjelsnes. Prisen er på 25.000 kroner.