NRK Meny
Normal

«Nina» vil treffe ytre Sunnfjord og Sogn

Ekstremvêret «Nina» vil treffe noko lenger sør enn meteorologane først trudde. Men vinden blir likevel bli svært kraftig.

Ekstremveret Nina

FULL KRAFT: Ekstremvêret Nina vil treffe kysten med kraftig vind, og råke Hordaland og sørlege delar av Sogn og Fjordane hardast.

Foto: Meteorologisk Institutt

– Lågtrykket har blitt pressa litt lenger sør, men i Sogn og ytre delar av Sunnfjord blir det full til sterk storm i sørlege delar av fylket i ettermiddag og kveld, seier statsmeteorolog Dag Kvamme.

Ifølgje det siste varselet som er sendt ut frå Meteorologisk institutt like før klokka 14, så er den ekstreme vinden venta å kome mellom klokka 16 og 18.

Det aller mest ekstreme vêret er venta å treffe Hordaland, men i ytre delar av Sogn og Sunnfjord vil vinden vil bli svært sterk, med vindkast opp mot 30–40 meter per sekund i ettermiddag og kveld.

– Det blir ein del vind i Nordfjord også utover kvelden, men ikkje ekstremt. Det vil merkast godt på vindkast. Det er ei viss uvisse knytt til Nordfjord, men det kan bli vindkast på 30–35 meter per sekund i kveld.

Mange vegar og båtar er allereie råka av uver, og Statens vegvesen, som sit i krisestab, fryktar at det blir verre utover dagen, og at alle fjellovergangane kan bli stengde.

Hardt ver langs kysten og i fjellet

Det er venta bølger på 9–13 meter inn mot kysten, og folk blir bedne om å vere svært forsiktige der bølgjene kjem inn, og unngå å gå ned til sjøen.

I fjellet blir vinden sterk.

– Der blir det nok storm. Det kan bli problem på fjellovergangar. Det kan vere Strynefjellsvegen går klar, men lenger sør blir det generelt storm i fjellet.

Inne i fylket vil folk også merke vinden.

– Det kjem inn fjordstroka, og kan bli sterke vindkast inne i fylket.

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel om store nedbørsmengder, og NVE varslar snøfare på nest høgste nivå, og ber folk vise aktsemd. Det er venta svært høg vasstand i fylket utover dagen.

Folk må vere forsiktige

Sjølv om det aller mest ekstreme vêret no er venta å treffe Hordaland, gjeld framleis oppmodinga om å vere forsiktig i den sterke vinden, seier meteorologen.

– Tre kan falle ned. I ytre delar av Sunnfjord og i Sogn kan det bli problem med samferdsle og straumbrot. Dersom ein ikkje har eit absolutt nødvendig ærend utanfor huset, bør ein ta forholdsreglar, for det er så sterk vind at tre kan falle ned og gjenstandar kan bli tekne av vinden og slengt rundt.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand er oppteken av at folk må passe på, sjølv uveret no er venta å råke Hordaland aller sterkast.

– Det er uvisse knytt til kor sterk vinden blir nord i fylket, men folk må ikkje forstå dette som at det plutseleg blir vindstille. Det blir det absolutt ikkje. Forventninga om kraftig vind er på ingen måte avlyst. Den enkelte må sjølv vurdere kva som er det mest fornuftige. Dersom folk ikkje treng å køyre bil akkurat i desse timane, må det vere det beste. Følg med på vêrmeldingar, og gjer fornuftige vurderingar, seier Stensvand.

Vinden er venta å minke natt til søndag.