Hopp til innhold

Nina (17) er den første norske juniorspelaren i VM i biljard på åtte år

HYLLESTAD (NRK): Nina Torvund (17) kjem frå eit unikt idrettsmiljø i ei lita bygd i Sogn. No er ho klar for VM som første juniorspelar på åtte år.

Nina Torvund, Hyllestad biljard

PRESISJON: På om lag tre år har Nina Torvund gått frå å vera nybegynnar på biljardbordet til Europameister. Kommande veke kan ho bli verdsmeister.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Eg byrja å spela biljard etter at vi var på klassetur hit då eg var 14 år. Eg syns det var kjekt, og då melde eg meg inn i klubben, seier Nina Torvund.

17-åringen har spelt biljard i vel tre år. På dei åra har ho tatt fleire medaljar i NM og i sommar vart ho Europameister. Det har gjort til at det europeiske forbundet har tatt ho ut til å representere Europa i junior-VM i Moskva som startar på måndag.

Ho har gått frå nybegynnar til VM-spelar på tre år. Det kan ho takka sitt eige talent, eldsjeler og eit unikt miljø for.

200 medaljar

At Hyllestad biljardklubb tar NM og EM-medaljar er naturstridig. Kommunen har i underkant av 1400 innbyggjarar og har blant dei dystraste framtidsutsiktene til folketalsutvikling, ifølge SSB sine prognosar.

Likevel har dei tatt over 200 medaljar i NM sidan den første i år 2000 og av dei er 48 gull. Den 100. medaljen kom i 2015 – den 200. i sommar.

– I Hyllestad var det fleire eldskjeler som starta opp. Det var fleire som var interessert i få det til og det har dei absolutt klart, seier Robert G. Rysjedal, president i Norges Biljardforbund.

I tillegg til alle NM-medaljane har dei tatt 13 medaljar i EM. Av dei er eitt gull, som Nina Torvund tok i sommar. Og no er VM neste mål.

– Eg håpar jo på medalje. Kanskje gull, seier Torvund som denne helga er i Stockholm for å gjere dei siste førebuingane før VM-starten måndag.

For å vera best mogeleg budd til VM køyrde tidenes norske biljardspelar, Vegar Kristiansen, tur-retur Trondheim-Hyllestad for to dagar med intensiv trening saman med Torvund.

Nina Torvund, Vegar Kristiansen, Gjermund Flage, hyllestad biljard

EKSPERTISE: Nina Torvund (midten) fekk privattimar med landslagstrenar Vegar Kristiansen (venstre) to veker før VM start. Gjennom helga trena dei opp mot 15 timar fordelt på to dagar. Til høgre er leiar i Hyllestad Biljardklubb, Gjermund Flage.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Gjennom prosjektet Team Norway reiser eg rundt og hjelper dei unge spelarane med små detaljar. Det er betre at eg bruker nokre timar på å fortelja dei korleis dei skal gjera ting, enn at dei gjer som meg og kastar vekk 15 år på å finna det ut sjølv, seier Kristiansen, som var i Hyllestad for to veker sidan.

Oslo mot Hyllestad

I biljardtoppen i Noreg er det to klubbar som dominerer. Vesle Hyllestad og Oslo biljardklubb.

I Oslo har dei like mange aktive spelarar som Hyllestad har innbyggarar under 50 år.

– Sjølv om det er rivalisering mellom klubbane har vi ein god tone. Det dei har fått til er imponerande med tanke på kor få dei har å rekruttere frå samanlikna med oss, seier Thomas Stavang Pedersen som er leiar i Oslo Biljardklubb.

I Noreg er biljard ein liten sport, men ute i verda har sporten større status. Eit av tiltaka Biljardforbundet no jobbar med er å bli ein del av NM-veka som samlar fleire småidrettar til eit felles NM, som også vert TV-sendt.

Hyllestad biljard, klubbkveld

REKRUTTERING: Kvar veke har Hyllestad Biljardklubb turneringar. Både for etablerte spelarar og for nybegynnarar som vil prøva biljard. Det har gjort til at mange unge spelarar har blitt del av klubben.

Foto: Gjermund Flage