Hopp til innhold

Sogndal har signert 2,5 års avtale med Tim Nilsen

Tim Nilsen har signert ei 2,5 årsavtale med Sogndal Fotball.

Tim Nilsen

NYE UTFORDRINGAR: Tim Nilsen går frå Nest Sotra til Sogndal.

Foto: Rune Eriksen / NRK

Proffkontrakta strekkjer seg til 1. august 2016, og vart signert i dag.

Nilsen var med Sogndal på La Manga tidlegare i år, der han gjorde eit godt inntrykk.

– Tim er ein svært spennande angrepsspelar, som har utvikla seg flott gjennom det siste året i Nest Sotra, seier sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Håvard Flo, i ei pressemelding.

Har nase for mål

I 2013-sesongen har Nilsen utmerka seg som ein profil for Nest Sotra, og med sine 20 seriemål var han ein viktig bidragsytar i laget som lukkast å rykkje opp frå 2. divisjon til 1. divisjon.

– Han er ein spelar som har synt at han har nase for mål, med mellom anna si hurtigheit og fysiske spelestil. Det skal bli spennande å følgje Tim i den vidare utviklinga, seier Flo, som meiner Nilsen kjem til å passe saman med resten av spelargruppa på ein framifrå måte.