Nils R. vann kampen om leiarvervet

Nils R. Sandal frå Gloppen blir den nye leiaren i Vestland Idrettskrins, skriv NFF Sogn og Fjordane på Facebooksida si. Sandal vart vald etter at leiaren i NFF Sogn og Fjordane, Robert Endestad, leverte eit benkeforslag under dagens konstituerande tingsete. Valkomiteen hadde innstilt Ole Hope frå Gneist. Sandal vart vald med solid fleirtal. Anne-Grethe Naustdal frå Tambarskjelvar IL i Naustdal vart vald til ny nestleiar.

Nils R. Sandal
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK