Hopp til innhold

Nils R. utan sterke meiningar

Fylkesordførar Nils R. Sandal vil førebels ikkje ha sterke meiningar om Sogn og Fjordane energi (SFE) skal ha leveringsplikt til enkelte øyar i Askvoll kommune.

Fylkesordførar Nils R. Sandal
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Energiverket har signalisert at dei vil søke om fritak for leveringsplikt avdi straumbruken i området er så liten at det ikkje svarar seg å ruste opp lina.

Fylkeskommunen eig SFE, men fylkesordføraren kjenner saka for dårleg.

 

I ettermiddagssendinga på NRK Sogn og Fjordane tysdag sa senterpartipolitikar Ola Borten Mo at han venta at fylkeskommunen som eigar grip inn i denne saka.

Nils R. Sandal har eit prinsippielt syn på linje med Borten Mo, sjølv om han ikkje vil vere konkret i denne saka.