NRK Meny
Normal

Desse tre og seks til vil bli ny teatersjef

Sju kvinner og to menn vil bli ny sjef for Sogn og Fjordane teater. Det er klart etter at søknadsfristen gjekk ut i går. Teatersjefen skal tilsetjast frå årsskiftet.

Miriam Prestøy Lie, Gro Ann Uthaug Oda Alisøy

SØKJARAR: Miriam Prestøy Lie, Gro Ann Uthaug og Oda Alisøy er blant søkjarane til stillinga som teatersjef i Sogn og Fjordane.

Foto: arkiv / NRK

Styreleiar Håkon Fimland skal no saman med eit utval gå gjennom søknadane frå dei ni som ønskjer å overta som teatersjef etter Terje Lyngstad.

– Vi er vel rimeleg nøgde med søkjarlista. Vi har fått ni søkjar totalt sett, og det er to fleire enn det var for fire år sidan. Det er og ei bra breidde i søkarmassen. Så langt så ser det bra ut, seier Fimland til NRK.

– Trur du at de finn den komande teatersjefen i søknadsbunken?

– Ja, vi lyt no ha den trua. Det ser i alle fall ut til å vere ein del interessante namn der. Vi har sett ned eit tilsettingsutval som skal gå gjennom søknadane og gjere intervju, for så å kome med ei innstilling til styret seinare i haust. vi har så vidt lagt ei ramme for måten vi skal jobbe på. Vi skal gi oss sjølve god tid og vere grundige i arbeidet for vi er opptekne av å finne den rett og beste søkaren til ei slik stilling.

Desse har søkt stillinga:

  • Oda Alisøy
  • Åse Hegrenes
  • Bodil Kvamme
  • Miriam Prestøy Lie
  • Jeff Pedersen
  • Tzara Tristana Schwab
  • Karl Erik Solgård
  • Andreea Terescenco
  • Gro Ann Uthaug.

– Ny sjef må ha brei kompetanse

Fimland legg vekt på at den nye teatersjefen må ha kompetanse på fleire felt for å kome i vurdering.

– For å vere teatersjef så må du beherske fleire sider. Men det er no først og fremst den kunstfaglege biten som skal takast i vare. Så må ein jo og ha eit godt nettverk i forhold til teatermiljøet, i forhold til det offentlege slik at vi kan kunne pleie og bygge opp interessa for teateret. Det trur eg er ein viktig føresetnad i ei slik stilling, seier Fimland.

Håkon Fimland

STYRELEIAR: Tidlegare kultursjef i Førde, Håkon Fimland.

Foto: Jostein Nyfløtt / NRK

Uroa over varsla kutt

Det er varsla store kutt i kultursektoren i Sogn og Fjordane i åra framover fordi fylkeskommunen opplever at inntektene blir kraftig redusert. Styreleiaren for teateret ser på dette som ei stor utfordring for den nye teatersjefen.

– Så om fylket skjer ned så rammar det tilsvarande frå dei statlege løyvingane. Det er på ein måte ein litt uheldig situasjon vi er opp i, så eg håpar dei fredar oss så lenge som mogleg. Det er jo slik at vi får inn meir friske pengar frå staten enn det fylket skjer ned. Så slik sett er det ein dårleg måte å kutte på.

Må ha god dialog med eigarane

– Korleis skal de no jobbe framover for å få tilsett rett person?

–Vi skal intervjue dei som vi meiner er best eigna, og ut ifrå det ha ein brei prosess i forhold til administrasjon og styre med tanke på å kome fram til den best kvalifiserte. Vi er svært opptekne av å pleie dialogen med eigarane slik at vi og kan skape litt interesse for teateret og ut ifrå det bygge opp tilliten til teateret. Det trur eg er viktig i desse tider, konkluderer Fimland.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser