Hopp til innhold

Ni turbussjåførar melde til politiet

Kontrollørane tek likevel med seg positive tendensar etter storaksjonen i Sogn i går.

Bjarte Frækaland (t.h.), Torgeir Bang og Jan Ove Bjørgum

KONTROLLERER: Bjarte Frækaland (t.h.) seier uteseksjonen til Statens vegvesen har spesielt stort fokus på utanlandske turbussar i juni.

Foto: Rune Fossum / NRK

Med 13 kontrollørar frå sogneregionen i sving, vart totalt 201 køyretøy vurderte på Håbakken, ved Flåm brygge og på fylkesveg 50 i Vassbygdi.

Av desse vart 52 haldne tilbake for nærare kontroll. Status vart:

  • 32 køyretøy fekk skriftlege manglar
  • 12 køyretøy fekk bruksforbod/vart avskilta
  • Ni køyretøy vart melde til politiet
  • Det vart skrive 12 gebyr

Hovudfokuset for kontrollen var kontroll av turbussar, der køyre- og kviletid, teknisk tilstand og beltebruk blant passasjerane. Mange av dei kontrollerte køyretøya var turbussar.

Sjølv om det var mange reaksjonar samla sett, var ikkje lovbrota av dei alvorlegaste.

– Det er mange gode køyretøy og mykje er i orden, seier Bjarte Frækaland ved uteseksjonen i Statens vegvesen Region Vest.

Han seier resultata ikkje var verre enn ein kunne vente med så mange kontrollørar i sving.

– Den tekniske standen på køyretøya er blitt mykje betre siste åra. Det er mange nye køyretøy, spesielt mange nye bussar. Då er det ikkje lekkasjar og bremsene er i orden. Det same gjeld også på vogntog, held han fram.

Dermed blir mange av reaksjonane retta mot manglande dokument og bombrikke, beltebruk, overlast og ulike brot på køyre- og kviletida.

Slik som åtte av dei ni turbussjåførane som vart melde til politiet. Sistemann vart meld då han ikkje stogga for kontroll.

Tre bussar og tre vogntog fekk til saman 37.650 kroner i overlastgebyr.

Frækaland seier at uteseksjonen har stort fokus mot dei mange bussane som rullar rundt med turistar i sommarmånadane.

– Det er mange turbussar langs vegane og vi får ein del uromeldingar om utanlandske aktørar som kanskje ikkje har ting heilt på stell. Det kan gå på bussar som køyrer lange dagar og heile veker i strekk, seier han.

– Føler du at de får stadfesta grunnlag for uromeldingane?

– Som regel er det mykje rykter som går, men enkelte kan vere reelle. Vi prøver så langt det let seg gjere å sjekke ut meldingane vi får. Nokre gonger er det ikkje treff på dei.