Ni tips for å overleve der ingen skulle tru at nokon kunne bu

Vinteren 2018 braut Marit Karlsen opp frå livet sitt i Oslo og flytte til ei veglaus, vasslaus og straumlaus hytte på Blefjell. Her er hennar ni beste tips for å overleve.

Marit Karlsen med vassåk.

NI RÅD: Her kjem dei ni viktigaste tinga Marit Karlsen har lært på sine to år åleine i skogen.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Har du nokon gong sett på «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» og lurt på om det var noko for deg? Marit Karlsen gjorde alvor av draumen om å leve for seg sjølv, utanfor allfarveg. Vinteren 2018 kjøpte ho ei veglaus, vasslaus og straumlaus hytte ved Blefjell, og flytte frå Oslo til hytta kort tid etterpå.

– I etterkant har eg sett programmet om Trond Henning Monan utanfor Kristiansand. Måten han innretta seg i ei lita hytte i skogen utan straum, vatn og veg inspirerte meg, seier ho.

I motsetning til Monan, som var utdanna mekanikar og hadde jobba som snikkar, stilte Karlsen utan særleg handverksbakgrunn då ho flytta til si hytte.

– Så læringskurva har vore brutalt bratt, men det har gått seg til, seier Marit, nesten to år etter at ho slepa med seg det første flyttelasset opp den bratte stien til heimen ho kjøpte berre tre veker tidlegare.

Her er hennar viktigaste tips til andre som eventuelt vil prøve det same, basert på to år med dyrkjøpte erfaringar.:

1. Diskuter planen din med positive folk. Ikkje dei som berre ser problem

Hytta til Marit Karlsen sett frå lufta.

FLYTTE HIT: Det kan bli litt i overkant for enkelte.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Om du har ein draum om å flytte til ein avsidesliggjande plass og vil snakke med nokon om det, finn ein person som generelt er positiv til endringar. Ikkje prat med dei du veit berre ser vanskar med alt. Om du ikkje kjenner nokon av det første kaliberet, stol på draumen din, og hald han for deg sjølv til du faktisk realiserer han. Då kan andre berre seie kva dei vil.

2. Forvent uventa utfordringar

Marit Karlsen ved brønnen.

DÅRLEG VATN: Vatnet i brønnen hennar viste seg å ikkje vere drikkevatn.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Det vil bli problem. Men det er vel også eit av poenga med livsendringa; du søker nye utfordringar. Du vil lære mykje om deg sjølv som du ikkje visste frå før, og det vil gjere deg sterkare. Utfordringa er nemleg noko av det som er berikande med å bu ein stad der ingen skulle tru...


3. Vel staden du flytter til med omhu. Kor lite besøk vil du eigentleg ha?

Marit Karlsen og Andreas Hompland.

GOD SELSKAP: Litt besøk vil du vel ha?

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Det er ein føresetnad at du trivst i eige selskap. Men det betyr ikkje at du må vere einsam. Kor langt unna nettverket ditt vil du bu? Ein stad går kanskje smertegrensa. Ti timar ein veg, eller maks to? Avstanden påverkar kor ofte du får besøk og visa versa. Du bør også sjekke om det er heilårsveg, solforholda og vasskjelder.

4. Sjekk lovverket før du melder adresseforandring

Marit Karlsen på veg til hytta si.

LOVLEG?: Det er ikkje sikkert hytteparadiset ditt er lovleg som heilårsbustad.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Alle i Noreg må ha ei fast adresse med gatenamn og husnummer oppført i folkeregisteret. I tillegg kan du også ha ei poste restante-adresse i næraste post i butikk. Det er ikkje alle kommunar som tillèt at folk bur fast i fritidsbustader eller dårleg isolerte hus utan innlagt vatn eller straum, sjølv om det faktisk er ditt store ynskje. Men stat og kommune har ikkje noko med kvar du oppbevarer alle eigedelane dine så lenge du ikkje søv der fleire døgn enn det som er tillate i løpet av året. Dessutan er videoovervaking av privat eigedom, iscenesett av kommune eller andre, eit grovt lovbrot.

5. Du vil trenge bil

Marit Karlsen stuar ting inn i bilen.

BIL OG BOD: Skaff deg bil og tenk praktisk.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Om du har budd sentralt og ikkje hatt behov for bil, vil du få det no. Grisgrendte strøk har dårleg kommunikasjonstilbod, og bil er så å seie eit must. Om det ikkje er bilveg heilt fram til bustaden, vil bilen sannsynlegvis også fungere som ein ekstra bod. Ein "bruksbil" med firehjulsdrift er godt å ha.

6. Du treng godt utstyr og ein sterk rygg

Marit Karlsen med pulk og ryggsekk.

VINTEREN BEST: Skal du slepe ting heim er vinteren å føretrekke.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Du bør ha ein sterk rygg og ikkje vere redd for å ta i eit tak. Men det byr også på logistiske utfordringar. Vinteren kan likevel vere den lettaste årstida for transport. Om du ikkje vil leige ein snøskuter, sjekk om næraste lokalsamfunn har folk som tilbyr køyring. Invester i gode truger, fjellski med heilfell og pulk eller transportbrett som det er lett å feste stropper og reimer på. Tusenlappane kan fly fort unna her, så søk på brukmarknader.

7. Det er ikkje nødvendigvis så billig som du skulle tru...

Om det ikkje er innlagt straum eller vatn, vil du kanskje investere i solcellepanel og batteri. Du bør i tillegg ha eit bensindrive aggregat som også gir straum til solcellebatteriet når sola ikkje skin, og som også gir direkte straum til støvsugaren eller lading av datautstyr. Komfyr og kjøleskåp kan gå på gass. Dusjpumpe ned i ei bøtte med forvarma vatn kan gå på 12-voltsstraum eller straumlaus fotpumpe. Alt etter behov kostar slike løysingar frå 10.000 til 120.000 kroner. På sikt er det ei lønsam investering, for no har du fått din siste straumrekning.

8. Hugs Internett

Marit Karlsen på heimekontoret.

INTERNETT: Folk kan leve fint utan vatn og straum, men Internett er viktig no til dags.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Skal du ha heimekontor, dobbeltsjekk om det er stabil 4g-dekning der du vil flytte. Vil du ha eit trådlaust breiband i tillegg, finst det fleire gode ruterar som kan ladast like lett som ein smarttelefon. Men hugs at slike abonnement ikkje tilbyr uavgrensa forbruk av giga. Oppsida er at du blir meir bevisst ditt eige dataforbruk og skjermtid.

9. Berre gjer det!

Marit Karlsen badar i fjellvatn.

MAGISKE AUGEBLIKK: Skal du få dei, må du kaste deg ut i det.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Just do it!

Finn du ut at dette ikkje var noko for deg, så har du i alle fall prøvd. Og ære vere deg for det. Som Anne Grete Preus sa i eit NRK-intervju: «Når du ligg på dødsleiet, vil du garantert ikkje angre på alt du ikkje fekk sett på Netflix.»

Sjå episoden om korleis Marit klarar seg på Blefjell her:

Marit Karlsen var bykvinne på sin hals, men då bustadmarknaden i Oslo blei for brutal måtte ho snu på flisa. Slik enda ho på ei veglaus, vasslaus og straumlaus hytte. Midt i skogen og utan naboar må ho lære å klare seg sjølv.

Marit Karlsen var bykvinne på sin hals, men då bustadmarknaden i Oslo blei for brutal måtte ho snu på flisa. Slik enda ho på ei veglaus, vasslaus og straumlaus hytte. Midt i skogen og utan naboar må ho lære å klare seg sjølv.