Hopp til innhold
Dopinglager i Søndre Buskerud
Foto: Ntb Scanpix / Politiet / NTB scanpix

Ni tiltalte i dopingsak

Oppsummert

Sju menn står tiltalt for å ha deltatt i eit kriminelt nettverk som politiet meiner stod for det meste av produksjon og sal av dopingmiddel i Noreg frå 2011 til 2016. Mennene kjem frå Buskerud, Østfold, Bergen og Sunnfjord.

  • Brukte mobilen i rettssalen

    Den dopingtiltalte 35-åringen frå Sunnfjord vart lagt i bakken av ein rettsbetjent i ein pause under rettssaka i dag. Mannen filma ein periode og ville ikkje sleppe telefonen, skriv Bergens Tidende. Både mannen og forsvararen hans, Sol Elden, beklaga opptrinnet. – Det var ikkje noko formål med filminga. Det var meir normal mobilbruk, men at han ikkje tenkte over at han var i ein rettssal, seier Elden.

  • Fekk dopingpengar i bitcoin

    Den tiltalte 36-åringen fortel at han i 2016 fekk betaling for anabole steroider gjennom kryptovalutaen bitcoin. Mot slutten før han blei pågripen i 2016 betalte nesten samtlege kunder gjennom kryptovalutaen, seier han.

  • Diskuterer e-postar

    Aktor Høvik held fram med utspørjinga av den tiltalte sunnfjordingen. Høvik ønskjer svar på ei rekke e-poster frå 2011 og 2012, der den tiltalte har kontakt med forskjellige kunder som skal ha kjøpt steroider frå sunnfjordringen.

Den største dopingsaka i Noreg

Måndag 21. januar møter sju menn frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Buskerud i ein av dei største rettssakene om dopingmiddel i Noreg nokon gong.