Hopp til innhold

Ni Sogndal-spelarar utan kontrakt

Med eitt poeng heime mot Aalesund, tok Sogndal eit nytt steg i retning ny kontrakt i Eliteserien. Men det er høgst usikkert kva spelarar som blir med neste år.

Sogndalspelarar

UTAN KONTRAKT FRÅ NYTTÅR: Vegar Gjermundstad, Kenneth Udjus, Isak Scheel, Cato Hansen, Barry Kader, Mats Solheim, Ørjan Hopen, Joe Bendik og Thomas Ness er snart utan kontrakt.

Foto: Montasje

Ni spelarar står utan kontrakt ved årsskiftet. Mellom dei er formspelaren Ørjan Hopen.

– Eg håper dei har kontroll på sakene, så få vi sjå kva det blir til, seier han.

Stjerneskotet Ørjan Hopen har fire eliteseriemål i haust – og kan vera tapt for Sogndal i morgon om han vil det sjølv. Med mindre enn seks månader att av kontrakten kan han skriva under for kven han vil utan at Sogndal har noko dei skulle sagt.

– Ja, i grunnen kan eg gjere det.

– Er du så lojal at du blir i klubben uansett?

– Nei, sjølvsagt ikkje. Sogndal må komme med eit tilbod eg tykkjer er OK og vi blir einige, har eg ingen problem med å bli.

Kalkulert risiko

Og Hopen er ikkje åleine. Til saman ni Sogndal-spelarar har kontraktar som går ut til nyttår. Joe Bendik og Barry Kader får sannsynlegvis ikkje noko tilbod, klubben vurderer framleis Cato Hansen og Thomas Ness, medan Hopen, Mats Solheim, Isak Scheel, Kenneth Udjus og Vegar Gjermundstad alle er i kategorien "spelarar sogndal gjerne vil behalde".

– Vi kjem sikkert ikkje til å få behalde alle vi ønskjer. Det er ein kalkulert risiko frå vår side, seier sportsleg leiar Trond Fylling.

– Er det vanskeleg å diskutere kontrakt med spelarane når dei ikkje veit kva divisjon dei skal vere i neste år?

– Ja, det er det. Etter eit år i tippeligaen og mange spelarar som har det gjort, så stig forventninga hos dei også. Det er ei utfordring for klubben.

Hopen vil ha meir pengar

Fylling varslar at Hopen vil få eit tilbod i løpet av komande veke. Hopen kvitterer med å be han grava djupare i lommeboka.

– Ja, dei bør gå opp nokre kroner skal eg vere nøgd, seie han.

Klubben har også starta dialog med Mats Solheim, Kenneth Udjus, Vegard Gjermundstad og Isak Scheel – og sjølv om Scheel har andre beilarar enn Sogndal, avviser han ikkje at han blir verande.

– Eg har ikkje noko i mot å vere her lenger, men det er interesser frå andre klubbar.

– Kva er det som gjer at du vurderer å halde fram i Sogndal?

– Det ser ut til at vi klarer oss og Sogndal er eit spennande lag. Det er ikkje noko dårleg å vere i Sogndal.

– Løn ikkje det viktigaste

Mats Solheim har allereie avvist eit kontraktstilbod frå Sogndal, og har også andre interesserte klubbar.

– Ja, eg har hatt kontakt med andre klubbar.

– Kor viktig er løn for deg?

– Det er ein faktor i det, men det er ikkje det viktigaste, seier Solheim.

Udjus har lyst å bli

Det same seier Vegard Gjermundstad, som vil ha meir speletid før han skriv under noko ny kontrakt. Lyspunktet er keeper Kenneth Udjus. Han har stått fram som ein av dei mest solide i landet i sin posisjon – og har praktisk talt pennen i handa.

– Eg har lyst vi skal bli einige, så eg håper at vi klarer å få til det. Eg trur eg skriv under for Sogndal allereie denne veka.

Verre er det faktisk med Fylling sjølv. Det er kjent at trenar Harald Aabrekk gir seg etter sesongen. Men den sportslege leiaren har også ei kontrakt som går ut, og dagleg leiar i Sogndal, Egil Mundal, garanterer ingenting.

– Trond er ein del av våre framtidsplanar. Det er ikkje sikkert at tittelen blir sportsleg leiar, men det er ein prosess vi ikkje har teke endeleg stilling til, seier Mundal.