Hopp til innhold

Ni politimelde etter narkoaksjon

100 gram hasj og ein del brukarutstyr blei beslaglagd i ein politiaksjon i Høyanger.

Høyanger sentrum

UROAKSJON: Politiet slo til mot eit narkotikamiljø i Høyanger.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ni personar er melde for narkotikalovbrot i samband med aksjonen som skjedde onsdag.

– Vi sende ut sju polititenestemenn og ein hund i ein uroaksjon, seier Trond Hatlenes som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i Florø.

Dei ni personane som er melde, er i alderen 22 til 40 år. Det blei altså beslagd totalt 100 gram hasj og ein del brukarutstyr.

– Kva fortel dette om narkotikabruken i Høyanger?

– Det fortel oss at det er eit miljø med folk som brukar narkotika, seier Hatlenes.