Hopp til innhold

Ein alvorleg skadd og frakta med luftambulanse etter ulukke i Gloppen

BYRKJELO (NRK): Ein sjåfør er mistenkt for aktlaus køyring etter at tre bilar med til saman ti personar var involverte i ei trafikkulukke på E39 i Gloppen. Ein person vart sendt til sjukehus med luftambulanse.

Trafikkulukke, E39

KRAFTIG KOLLISJON: Naudetatar fekk rykke ut til ei ulukke på E39 ved Byrkjelo i Gloppen. Tre bilar var involverte.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Ein førar fekk sleng på bilen og har køyrt inn i to andre bilar, melder politiet. Ein sjåfør i 20-åra har blitt fråteken førarkortet.

– Politiet har oppretta sak på hendinga, og me mistenkjer aktlaus køyring. Det er gjort avhøyr av mannen på staden, seier operasjonsleiar Per Algrøy.

Rundt klokka 18 fredag fekk politiet melding om ulukka.

– Det har vore ei møteulukke og det var klink is på vegen her. Noko utover det har eg ikkje oversikt over per no, seier innsatsleiar Lars Henrik Gimmestad til NRK.

I alt er ti personar skadde. Ein er flogen til sjukehuset i Førde, og sju personar er tekne med vanleg ambulanse til same sjukehus. Ein er teken til legevakta på Sandane, opplyser politiet.

Ifølgje Gudbrandsdølen Dagningen var fire elevar og ein lærar ved skigymnaset på Lillehammer involverte i ulukka. Dei fem var på veg til junior-NM i Jølster.

Ein av alpinistane låg natta over til observasjon ved sjukehuset i Førde.

– Ut frå dei opplysningane vi har, så har det etter forholda gått bra med alle saman, seier rektor Kjell Arne Steira til avisa.

Kraftig kollisjon

Alle dei involverte bilane hadde fått store materielle skadar etter ulukka. Ein av bilane hadde hamna på taket.

– Det har vore tre bilar som har vore involverte i ein kraftig kollisjon, seier Frode Eide ved Alarmsentralen.

Statens vegvesen melde at E39 vart stengd ved ulukkesstaden, men trafikken har byrja å rulle att.

Hovudredningssentralen i Sola melde at dei sende eit redningshelikopter til ulukkesstaden, men at dette kunne returnere til Florø då det ikkje var behov for det.

Innsatsleiar Lars Henrik Gimmestad, ved ulukkesstaden på E39 i Gloppen

INNSATSLEIAR: Lars Henrik Gimmestad seier at dei skal gjere oppmålingar som kan hjelpe dei med å finne årsaka til ulukka.

Foto: Benedikte Grov / NRK