Hopp til innhold

Ni månadar sidan storbrannen - sjå Lærdal då og no

Natt til 19. januar 2014 herja eit flammehav med store delar av busetnaden i Lærdal. 17 bustadhus vart øydelagde og 71 menneske vart huslause. Ni månadar etterpå er gjenreisinga godt i gang.

Lærdal rett etter storbrannen og ni månadar etter.

DÅ OG NO: 17 bustadhus, totalt 40 bygningar måtte gje tapt mot flammane under storbrannen i Lærdal. Ni månadar etter er atterreisingsarbeidet godt i gang.

Foto: Jan Christian Jerving

– Ein del av husa som trengde renovering etter brannen er ferdige, og der det har vore snakk om lettare renovering har fleire familiar fått flytte heim. Dei som måtte bygge husa opp frå grunnen har framleis ikkje fått kome tilbake til husa sine, fortel ordførar Jan Geir Solheim.

Flammane slukte 40 bygningar på sin veg gjennom Lærdal sentrum januarnatta for ni månadar sidan. Ein frykta lenge at dei verneverdige trehusa på Lærdalsøyri også skulle gå tapt. Dei klarte seg, men konsekvensane etter brannen var store. 71 personar stod huslause att etter brannatta, og framleis står mange av dei utan fast tak over hovudet. Men, gjenreisinga er på god veg.

– Det er nesten heilt uverkeleg å gå i gatene der brannen herja no. Ein kan nesten ikkje sjå spor etter brannen. Eg må sjå på bilete for å forstå korleis det var, seier ordføraren.

Byggearbeidet i Lærdal pågår for fullt.

AKTIVITET: Det er hektisk byggeaktivitet i Lærdal, mange hus står etter kvart klare til å bli tekne i bruk av familiar som vart huslause etter storbrannen i januar.

Foto: Jan Christian Jerving

Har gått betre enn forventa

Kva som var årsak til brannen får ein truleg aldri svar på. Skadeverket var så omfattande at ei eksakt brannårsak til no har vore umogleg å spore opp. Ingen omkom i brannen, men 681 personar vart evakuerte og 446 vart sende til sjekk på sjukehus. No ser innbyggjarane i kommunen framover.

– Vi håpar dei som måtte bygge alt på nytt kan få flytte heim til jul. Det er signal om det, og vi håpar det går i orden, seier Solheim.

Med mange prosjekt på gang frykta han og fleire i kommunen at det kunne ta tid både å få alle byggeløyve på plass og også bli kamp om arbeidskrafta.

– Frykta var at vi ikkje skulle vere komne så langt, og at mange ville vere misnøgde med sakshandsamingstid og slikt. Vi var uroa for arbeidsmengda også, men entreprenørane i kommunen har hatt god kapasitet, og fleire er henta inn frå andre stader også, seier ordføraren.

Sjå video frå brannen sine herjingar for ni månadar sidan:
(artikkelen held fram under videoen)

Jan Erikstad gjekk rundt i fleire timar for å feste branninfernoet på film.

Rosar innbyggarane for tolmod

Sjølv om arbeidet til no har gått greitt, er det likevel saker der kommunen og huseigarane ikkje er blitt heilt samde om atterreisingsarbeidet. Solheim forstår at det er frustrerande.

– Eitt år er lenge å gå utan å kome i gang med arbeidet. Vi prøver å finne ein balansegang mellom dei reguleringsplanane som gjeld og arbeidet som skal gjerast, men i nokre saker er det usemje om vegen vidare, fortel han.

Likevel oppfattar han stemninga i kommunen som god. Han rosar innbyggarane i kommunen. Fleire av dei som framleis står utan eige hus bur i nabokommunane.

– Det er utfordrande for mange, men folk er utruleg flinke til å ta vare på kvarandre. Og det er ingen som klagar, det er heilt utruleg.

17 bustadhus gjekk tapt i storbrannen i Lærdal, no er fleire av dei under oppbygging igjen.

NYTT: Byggeprosjekta i Lærdal har stått i kø etter storbrannen i januar, ni månadar etter er fleire av dei snart ferdige.

Foto: Jan Christian Jerving

Står framleis mykje att

Målsettingane for dei komande månadane er klare, og ordføraren håpar så mange som mogleg får flytte inn i husa sine til jul. Både kommunen og innbyggjarane står overfor mange gjeremål i tida framover for å kome dit.

– Nokre tomter er ikkje starta på i det heile, og vi i kommunen ynskjer ikkje at det skal vere slik. Vi vil ha fortetting og hus, spesielt hus på branntomtene. Dei som ynskjer å selje tomtene sine ser vi det tek lenger tid med. Også dei to husa som brann i verneområdet, Losjehuset og Synneva Eris hus vil ta tid å få på plass, seier ordføraren.

Kommunen eig Losjehuset, og har til no prioritert å handsame andre bygg enn deira eigne etter brannen, så kva som skjer der er uvisst.

– Synneva Eris hus er også eit utfordrande bygg, for der skal det byggast opp utvendig kopi. Så det er nok ein lang veg å gå enno, avsluttar Solheim.

Sjå bilete dagen etter brannen i Lærdal: