NRK Meny
Normal

Ni enorme skulpturar skal sjå dagens lys i år

Kunstnaren Stig Eikaas held fram sitt livsprosjekt. I løpet av det komande året vil har avduke ni nye skulpturar, som også skal gje folk i fylket ny innsikt.

Kunstnaren Stig Eikaas kjem med ni nye skulpturar i løpet av året. Jostedalsrypa er ein av dei

SKULPTURAR: Kunstnaren Stig Eikaas kjem med ni nye skulpturar i løpet av året. Jostedalsrypa, som gamal er ein av dei

Foto: Montasje/NRK

– Det er mykje negativitet knytt til nyhende om Sogn og Fjordane. Men, her er mange interessante historier som ikkje alle kjenner til, og som kan gje kjennskap til kulturarven som er her, seier Eikaas.

Kunstnaren, med base i Bærum, men med sterk tilknyting til Sogn og Fjordane, er kjend for sine monumentale skulpturar. På Byrkjelo i Gloppen har han laga ein eige skulpturpark og på Festplassen i Førde står Oddvar Torsheim. Også Oddbjørn Hjelmeset, Audun Hugleikson og Gjest Baardsen har fått skulpturar av seg sett opp rundt om i fylket.

– Sentrale ikon for fylket

Kunsten til Eikaas har fått varierande mottaking, og han er ein ivrig debattant når kunst står på dagsorden i Sogn og Fjordane. Det komande året kjem det ni nye skulpturar av folk som kunstnaren meiner bør vere kjende for folk i fylket.

– Det er snakk om nøkkelpersonar med tilknyting til fylket, og på sett og vis er det eit opplæringsprosjekt, seier Eikaas.

Filosofen Ludwig Wittgenstein, som budde i Skjolden ein periode, Albert Joleik frå Florø som var kjend nynorskmann og radiokåsør, Gaia, Pan og Ivar Aasen får alle skulpturar på opp mot ein tonn plassert på stader dei kan knytast til i fylket. Det får også Jostedalsrypa, Nicolai Astrup, Petter Eide og Fridtjof Nansen.

– Alle desse er kjelde til innsikt, og skal vi ta vare på vidare bygging av fylket, så må ein ta vare på fortida, seier kunstnaren.

Han trur også håpar det skal gå greitt å få plassert ut statuane på plassar som kan knytast til dei ulike namna. Nansen hadde mellom anna ein farfar frå Høyanger, og har også fått ei gate i tettstaden kalla opp etter seg. Ivar Aasen budde fire månadar i Sogndal, og fleire av dei andre var og er busette i fylket.

– Eg er ikkje redd for at dei ikkje blir plasserte ut, men eg må få hotell, næringsliv og andre med på laget. Eg håpar kunsten kan brukast som kulturattraksjonar framover, seier Eikaas.

Jostedalsrypa har overlevd i Stig Eikaas sitt uttrykk

OVERLEVD: I Stig Eikaas sitt uttrykk har sagnomsuste Jostedalsrypa overlevd og klart seg også som voksen kvinne.

Foto: Stig Eikaas
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen