Hopp til innhold

Ni av ni kommunar med avvik

Kommunane i fylket har ikkje kriseberedskapen i orden. 9 av 9 kommunar som fylkesmannen har kontrollert, har mangelfulle risiko- og sårbarheitsanalysar.

Håvard Stensvand

NI AV NI MED AVVIK: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand har funne avvik i alle ni kommunane dei har undersøkt.

Foto: NRK/Fylkesmannen

Slike analyser er lovpålagde og skal sikra at kommunen er førebudd når kriser oppstår.

Fylkesmannen har sidan i fjor haust hatt tilsyn med beredskapsarbeidet i ni kommunar. Ved alle desse tilsyna fann dei manglar i risiko- og sårbarheitsanalysane.

Fleire årsaker

– Det er nok litt varierande frå kommune til kommune om kva som gjer at me meiner dei ikkje er gode nok, men totalsummen er at alle av kommunane har fått påpeika avvik, seier fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand.

Han seier det er fleire ulike årsaker til at kommunane har fått avvik, og nemner blant anna at det kan vera risikotema som er utelatne, det kan vera manglande oppfylling av planar, at det ikkje finst konkrete planar, eller kanskje dei manglar ein politisk forankring i dette arbeidet.

– Utan ein ROS-analyse som vil kommunane på mange måtar mangla ein veldig viktig del av det verktøyet dei skal bruka for å gjera sitt eige område tryggare for innbyggjarane sine, seier Stensvand.

Likt over heile fjøla

Stensvand trur ikkje at dei ni kommunane dei har kontrollert er noko verre enn dei andre kommunane i fylket og tilstanden generelt er for dårleg.

– Me har ingen grunn til å tru at dei kommunane me har undersøkt er svakare enn andre. Når det er avvik i desse ni kommunane, so er nok det eit bilde på korleis tilstanden er over alt, seier han.

Under orkanen Dagmar i romjula 2011 fekk beredskapen i kommunane verkeleg køyrt seg.

I Høyanger måtte eit byggefelt evakuerast då massive skred brøyta seg gjennom vegar og skogholt.

Dei er ein av dei som fekk påpeika avvik.

– Det betyr at me ikkje hadde ein ROS-analyse og at kriseverktøya ikkje er bygde på ei systematisk tilnærming, seier rådmann Arve Varden i Høyanger kommune.

– Me må ha ein heilskapleg ROS-analyse i botnen for at planverktøyet vårt skal vera best mogleg. Me oppfattar at me er betre rusta i dag enn under Dagmar, seier han.