Hopp til innhold

NHO vil ha fleire turistar frå Asia – dei reknar feil, meiner forskar

NHO Reiseliv meiner turistar frå Asia er berekraftig for klimaet. Tala dei har brukt er heilt på jordet, meiner forskar.

Kinesisk turistar i Flåm

PÅ REISEFOT: Kinesiske turistar besøker Flåm ein kald vinterdag. Dette vil NHO Reiseliv gjerne ha meir av.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Kinesarane slepp ikkje ut klimagassar berre eine vegen på flyreisa si, slik NHO har fått for seg, seier Carlo Aall.

Han er forskar innan berekraftig reiseliv ved Vestlandsforsking og ristar oppgitt på hovudet over NHO Reiseliv sin rapport «Reiselivets klimarapport», som han nett har fått på bordet.

Vestlandsforsking meiner sjølv å ha forska seg fram til kven som er «draumeturisten» .

– Utslepp ved lange flyreiser er veldig store. Det er fortvilande å sjå kor ofte det blir underkommunisert kor store dei faktisk er, seier han.

Vil ha satsing på flyreisande frå Asia

«Reiselivets klimarapport» er bestilt av NHO Reiseliv, og laga av konsulentfirmaet Stakeholder. Der har NHO rekna på utslepp av klimagassar, og kopla det med kor mykje pengar turistane legg att i Noreg.

Verst ut kjem cruise-næringa. Mens utsleppa frå flyreisande som bur på hotell i Noreg skal vere til å leve med.

– Kinesarar blir i gjennomsnitt 7,4 døgn i Noreg, så vi vil jobbe for å få dei til å bli enda lengre. Asia er den viktigaste vekstmarknaden, seier Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv i ei pressemelding.

NHO reiseliv sine tal for klimautslepp

NHO Reiseliv legg til grunn denne oversikta over CO₂-utslepp per krone brukt i Noreg. (KJELDE: NHO Reiseliv (Reiselivets Klimarapport – Stakeholder)

Foto: NHO Reiseliv

NHO Reiseliv: – Vi kan ikkje skjelle ut folk som kjem langvegsfrå

Næringspolitisk fagsjef Ole Michael Bjørndal i NHO Reiseliv vil ikkje godta skuldinga om at dei bommar på matematikken.

– Å rekne berre utslepp ein veg på ei utanlandsk flyreise er vanleg praksis, vi har brukt dei rette tala.

– Korleis kan ein forsvare at det er berekraftig med endå fleire flyreisande frå Asia?

– No er det veldig få av dei 4,8 millionar kinesarane som kjem til Europa, som reiser til Noreg, berre tre prosent. Kinesarane legg att mykje pengar, og er her på lange besøk, seier Bjørndal.

Bjørndal viser til at det frå 2020 også skal kome eit globalt kvotesystem for flytrafikk. EU har alt eit kvotesystem på plass.

– Vi kan ikkje skjelle ut folk som kjem langvegsfrå for å vere klimaverstingar.

Administrerende direktør Kristin Krohn Devold, NHO Reiseliv

TRUR PÅ VEKST: Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

Foto: Eivind Fondenes

– Det mest gjennomarbeida som finst

Heller ikkje konsulentfirmaet Stakeholder, som har laga rapporten, meiner dei har feil utsleppstal.

– Om ein rapporterer for utslepp to vegar, blir det dobbelteljing, seier dagleg leiar, Svein Thompson.

– Dette handlar også om ei fordeling av ansvar mellom land. Kven som tiltrekker seg turistar, og kven som sender turistane frå seg.

I rapporten står det likevel at når ein vanleg familie skal rekne utslepp av eigne reiser, må ein rekne med utslepp begge vegar.

Tala i NHO Reiseliv sin rapport er henta frå Icao, som er FN sin organisasjon for luftfart.

Vil at vi skal reise saktare og annleis

– Når utgangspunktet er så originalt, blir resultatet deretter. Dei har rekna feil, og då er grunnlaget for avgjerda feil, seier Carlo Aall, som står på sitt.

Likevel vil han gi reiselivet skryt for at dei no diskuterer utsleppa sine.

– Det som er spennande med rapporten er at NHO Reiseliv no aksepterer at dei har eit ansvar for denne typen utslepp.