NRK Meny
Normal

NHO Reiseliv seier nei til sjødeponi i Førdefjorden

NHO Reiseliv rår kommunalministeren til å seie nei til sjødeponi i Førdefjorden. Dei er uroa over konsekvensane for reiselivet og for merkevaren "Norge".

Reiselivet går mot sjødeponi

KUNNSKAPSBASERT FORVALTNING: NHO Reiseliv sine medlemmer er urolege for at eit sjødeponi vil øydelegge næringsgrunnlaget deira.

Foto: Montasje/NHO/Nordic Mining

NHO Reiseliv organiserer 2700 medlemmer. No vil dei stoppe planane om eit sjødeponi i Førdefjorden i samband med gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal. Det gjer dei i eit brev til Kommunal – og regionalminister Jan Tore Sanner.

Ønskjer kunnskapsbasert forvaltning

I brevet står det mellom anna at dei ønskjer å framheve kor viktig det er med kunnskapsbasert forvaltning av naturen. Der viser organisasjonen til Miljøverndepartementet si tilråding om å seie nei til å etablere eit sjødeponi ut frå miljøfaglege omsyn.

– Grunngjevinga er særleg føre var-prinsippet og at dei to øvste fagmyndigheitene går mot. Vi er varsame med å trekkje konkrete slutningar utover dette, og synest fråsegnene til fagmyndigheitene her veg tungt, opplyser Kristin Kristin Krohn Devold.

I brevet til ministeren vert også Havforskingsinstituttet sin konklusjon trekt fram. Den viser til at det planlagde fjorddeponiet ikkje er berekraftig bruk av fjorden.

– Lokale krefter er betre eigna til å uttale seg om lokale verknadar, meiner Devold.

– Rein og stille natur

NHO Reiseliv understrekar at for kyst-Norge er fjordane ein sentral del av merkevara Norge, og at rein og stille natur er viktige kjenneteikn ved Norge som mange kjem frå heile verda for å oppleve.

– Gruvedrift og dumping av avfall i fjord bryt med det bildet, skriv organisasjonen i brevet.

NHO Reiseliv viser til at fleire av medlemmene har uttrykt uro for oppretting av sjødeponi i Førdefjorden, og fryktar at dette vil øydelegge næringsgrunnlaget deira.

Det høyrer med til historia at NHO Sogn og Fjordane går sterkt inn for gruveplanane.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.