NHO krev tunneltiltak kjapt

NHO ber Statens vegvesen om å sette i verk fire strakstiltak for at stenginga av Gudvangatunnelen ikkje skal få altfor store fylgjer for næringslivet.

Wenche Salthella

KREV TILTAK KJAPT: Bransjesjef Wenche Salthella i NHO Reiseliv, vest-Norge.

Foto: NRK

Bransjesjef Wenche Salthella i NHO Reiseliv, Vest-Norge, seier at erfaringane frå stenginga av tunnelen i seks veker i 2013 tilseier at næringslivet i området vil li store økonomiske tap, særleg reiselivsnæringa og deira underleverandørar.

– For to år sidan vart det etter sterkt påtrykk frå næringslivet sett inn avbøtande tiltak frå vegstyresmaktene, men desse kom ikkje raskt nok. Særleg reiselivsnæringa i indre delar av Hordaland og Sogn og Fjordane hadde store tap, seier ho.

Det er særleg cruisetrafikk og rundreiseturar som gir store inntekter til næringa i sommarhalvåret, og det er få alternativ til omkøyring når Gudvangatunnelen er stengd.

Fire strakstiltak

Salthella ber difor Statens vegvesen om å sette i verk desse fire tiltaka:

  • Sende ut informasjon om avbøtande tiltak og om status i arbeidet med å få reparert tunnelen.
  • Snøggbåt mellom Flåm og Gudvangen med god kapasitet og hyppige avgangar.
  • Sette inn ekstra ferje på strekninga Hella-Vangsnes.
  • Kolonnekøyring for bussar (utan passasjerar) gjennom tunnelen straks det er forsvarleg, slik at turistbussane kan kome seg vidare til hotella i regionen.
Svenn Egil Finden

SNØGGBÅT I MORGON? Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Kan innfri det meste

Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier dei er i god gang med det meste av det NHO krev.

– Vi har sett i verk informasjonstiltak om omkøyringsvegar, og det skal vere godt framkommeleg på desse vegane. Når det gjeld status på reparasjonsarbeidet vil vi få informasjon om det ut i media. Straks vi veit noko om tidsperspektivet vil vi gå ut med det.

Når det gjeld snøggbåt mellom Flåm og Gudvangen er Vegvesenet i samarbeid med Aurland kommune og er i ein sluttfase med anbod.

– Det blir sett i gang så fort det er praktisk mogeleg, det kan hende vi kan sette i gang i morgon.

Kravet om ekstra ferje på Hella-Vangsnes meiner Finden dei skal møte på ein annan måte.

– Ferjene går no i sommarrute, pluss at det er nattrute. Men frå 17. august går det over til vinterrute. Då vil vi behalde den tredje ferja i sambandet. Det har vore litt ventetid i periodar, for det er stor trafikk, og det er smal veg mellom Hella og Leikanger.

Svenn Egil Finden seier dei også jobbar med ein plan for å sleppe tyngre køyretøy gjennom Gudvangatunnelen så snart det er forsvarleg.

– Med ein gong det er mogeleg for arbeidet sin del vil vi la vogntog og bussar utan passasjerar køyre gjennom.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.