Hopp til innhold

NHO ivra for fylkessamanslåing – og blir sjølv regionalisert

NHO Sogn og Fjordane jobba hardt for fylkessamanslåing. No blir deira eigen regiondirektør sentralisert til Oslo, medan direktøren i Bergen tek over dei to fylka. – Ris til eigen bak, meiner Sp.

Jan Atle Stang

SENTRALISERT: Jan Atle Stang er inntil vidare regiondirektør i NHO Sogn og Fjordane. Om nokre månadar er stillinga forsvunne, og han er flytta til Oslo.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Sidan vi har kjempa så hardt for færre fylke, og større regionar, ville vi gå i front og gjennomføre våre strukturendringar innan 2018. Det er for å illustrere at vi meiner noko med det vi seier.

Det seier regiondirektør Jan Atle Stang i NHO Sogn og Fjordane.

Dei siste åra har han vore blant dei ivrigaste for å få til fylkessamanslåing. Både i høyringsinnspel, kronikkar og debattar.

I februar fekk han viljen sin, ved at fylkestinga i Hordaland og Sogn og Fjordane sa ja til å slå seg saman. I mars kunngjorde NHO at dei omorganiserer seg.

Frå 1. august blir det regiondirektøren i Bergen som skal styre NHO i dei to fylka. Stang blir sjef for internkommunikasjon i NHO.

– Eg flyttar med pikk og pakk til hovudstaden.

Senterparti-leder Liv Signe Navarsete

RIS TIL EIGEN BAK: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) fryktar NHO blir mal for andre organisasjonar på Vestlandet.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Fryktar NHO blir modell for andre

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) meiner dette stadfestar det ho og Senterpartiet har åtvara mot.

– Det kan sjå ut som NHO i Sogn og Fjordane har laga ris til eigen bak. Eg fryktar, dessverre, dette kan bli ein mal og modell for mange andre organisasjonar, viss vi no blir slått saman med Hordaland.

– NHO seier dei skal ha like stor omsut for bedriftene i begge fylke. Kvifor skal det gå ille?

– Det trur eg dei har gode intensjonar om. Men sjefsstillinga er flytta til Bergen. Og Stang flyttar til Oslo. Fylket har tapt.

Nytt næringsråd

Trond Teigene Sparebanken Sogn og Fjordane

FOR FYLKET: Administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane er blant skiparane av Sogn og Fjordane Næringsråd.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Samtidig som diskusjonen om fylkessamanslåing drog seg til, bestemte Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest seg for å skipe Sogn og Fjordane Næringsråd.

Administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane understrekar at dei ikkje ville erstatte NHO Sogn og Fjordane.

– No legg eg grunn at NHO kjem til å halde fram med å jobbe for næringsinteressene i Sogn og Fjordane. Samtidig ser vi nok eit eksempel på at einingane blir større, og ein del funksjonar blir sentraliserte.

– Eg tenkjer at det er enno viktigare at vi får til noko som jobbar særskild for Sogn og Fjordane.

Motvekt til NHO

Navarsete tek det vidare.

– Eg tolkar det som eit tydeleg signal frå næringslivet om at dei vil ha ein eigen organisasjon som står opp for Sogn og Fjordane. Eg oppfattar det som ei motvekt mot det som skjer i NHO.

Stang understrekar at NHO framleis skal jobbe for bedriftene i fylket. Og meiner at den einaste skilnaden frå i dag, er at det blir éin mindre sjef i organisasjonen.

Han har eitt svar til Navarsete.

– Eg synest politikarane i fylket skal jobbe meir for å betre rammevilkåra for bedriftene, enn å fokusere på korleis vi organiserer sjefssjiktet i organisasjonen vår.