Hopp til innhold

Meiner fylkesgrensene er til hindring for utvikling av næringsliv i utkantane

Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO) meiner at kommune- og fylkesgrensene hindrar utvikling av næringslivet i Sogn og Fjordane. No får dei uventa støtte frå ein Senterparti-ordførar.

Sløvåg Industripark med Mongstad i bakgrunnen

KUNSTIGE GRENSER? Sløvåg i framgrunnen ligg i Gulen i Sogn og Fjordane. På andre sida av fjorden ligg Mongstad i Hordaland. No vil fleire mjuke opp fylkesgrensene for å få til meir samarbeid.Biletet er teke i samband med starten av utbygginga av Sløvåg-området.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

NHO-direktør Jan Atle Stang meiner at for mykje byråkrati i for mange kommunar bremsar ein heilt naudsynt vekst i fylket.

– Vi må få færre kommunar, større og meir kompetent fagmiljø og meir effektivitet i dei kommunale administrasjonane. Det er den einaste løysinga, og utruleg viktig for næringslivet, slik at ein kan setje full fart framover, seier Stang til NRK.

– Kunstige barrierer

Resultatet av NHO sitt såkalla kommune-NM er nedslåande lesing for mange kommunar her i fylket.

Om ein ser vekk frå fylkessenter som Førde og Sogndal, samt satsande industrikommunar som Gulen, havnar vi midt på treet på dei fleste statistikkane. Jan Atle Stang meiner at ikkje minst fylkesgrensene er kunstige barrierer for næringsutvikling.

Vi må få færre kommunar, større og meir kompetent fagmiljø

Jan Atle Stang

– Fylkeskommunen er eit begrep i Sogn og Fjordane som ein ikkje finn i mange andre område i landet. Eg trur det har vore vore og er eit hinder for korleis vi kan tenkje fritt for kva som gjev dei beste løysingane, meiner Stang.

Vil mjuke opp grensene

Senterpartiet har tradisjonelt sett vore ein forkjempar for å halde på fylkeskommunen og fylkesgrensene slik dei er i dag. Men Senterparti-ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal, meiner at ei løysing med større regionar ville vore ei betre løysing.

– For Gulen sin del så hadde det vore ein fordel med større regionar. Grensa kjem jo ein plass då også, men vi hadde sett veldig fram til det. Det er jo veldig naturleg for oss å samarbeide, og særleg med Masfjorden som ligg i Hordaland. Vi har eit felles næringsselskap med Masfjorden til dømes, og det fungerer veldig godt.

Utkantkommunen Gulen har i dag eit sterkt veksande industriområde i Sløvåg og Skipavika, og er den største havbrukskommunen i Sogn og Fjordane.

Jan Atle Stang og Åshild Kjelsnes

USAMDE: Jan Atle Stang meiner at kommune- og fylkesgrensene må mjukast opp eller fjernast for å skape større vekst i industri og næringsliv ellers. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner det er å forskottere prosessen.

Foto: arkiv / NRK

– Ei klassisk felle

Men fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner det er for tidleg å ta debatten om fylkesgrensene og fylkeskommunen si framtid no.

Eg føler at vi no er i ferd med å gå i ei litt klassisk felle, der ein blir veldig oppteken av grenser, storleik og trur at det skal skape effektivitet

Åshild Kjelsnes

– Eg føler at vi no er i ferd med å gå i ei litt klassisk felle, der ein blir veldig oppteken av grenser, storleik og trur at det skal skape effektivitet. Så gløymer ein eigenleg oppgåvene. Eg meiner det er alt for lite fokus på kva som skal vere på dei ulike nivåa. Før ein har lagt det meir tydeleg fast, så er det eigentleg litt prematurt å snakke om kva som er den rette fasiten med grensene.

Men Gulen-ordførar Hallvard Oppedal er klinkande klar i sitt syn:

– Ein må få ei oppmjuking av dei grensene, det er det som er viktig tykkjer eg, seier Oppedal.