Hopp til innhold

Trur flyplassar ryk dersom E39 blir ferjefri

Ein må våge å ta debatten om talet på flyplassar om E39 blir ferjefri i Nordfjord. Det meiner NHO-regiondirektør Jan Atle Stang.

Jan Atle Stang, Sandane lufthamn

IKKJE OLE BRUMM: NHO-regiondirektør Jan Atle Stang meiner ein ikkje kan få i pose og i sekk, blir E39 ferjefri må ein ta diskusjonen om kor mange flyplassar det er trong for.

Foto: Heidi Lise Bakke/Ottar Starheim / NRK

Med bru over Nordfjorden kan reisetida mellom Sandane lufthamn og Ørsta/Volda bli så liten som 35 minutt med val av midtre trasè.

Stang trur diskusjonen vil kome.

– Det er klart at når du endrar strukturane på vegsida så må ein nok også sjå på strukturane på flyplassane. Det trur eg vil vere naturleg, seier NHO-regiondirektør Jan Atle Stang.

Tøvete å hindre debatten

Regjeringa har lova ferjefri E39 innan 20 år og det betyr bru over Nordfjorden. Men ei slik bru vil også korte betydeleg ned avstanden frå Sandane lufthamn til Ørsta/Volda Hovden.

Framleis er det uklart kvar brua kjem, men ifølgje Statens Vegvesen vil ein ved bru mellom Lote og Anda og ny veg over Stigedalen få ei reisetid på berre 35 minutt mellom dei to flyplassane.

Ved val av den såkalla S-en via Hornindalsvatnet og Kviven vil avstanden bli vel 65 minutt frå Sandane sentrum til Hovden. Det same blir avstanden ved indre trasè via Stryn og Kviven. I dag er avstanden vel ein time og 20 minutt.

– Når det blir så kort avstand mellom kvar flyplass så blir det litt tøvete å hindre ein slik debatt, seier Stang.

Narvik valde bru framfor flyplass

I Nord-Norge har dei allerede tenkt tanken. Ifølgje Aftenposten gjekk kommunestyret i Narvik friviljug med på å legge ned sin flyplass i 2001.

Nedlegginga frigjorde omlag 500 millionar i flyplasstøtte som no bli brukt til bygging av Hålogalandsbrua. Brua vil gi Narvik 45 minuttar til stamflyplassen på Evenes.

Ordførar Tore Nysæther meiner det er ei god ordning, no er bygginga av ny veg i gang

– Brua vil stå der i 2017, opa og klar, seier Narvik-ordførar Nysæther.

Vurderinga i Narvik var at med bru ville uansett flyplassen vere svært truga. Dermed gjekk politikarane i Narvik inn sjølve og føreslo å bruke av flyplassmidlar til vegbygging.

Ber politikarane tore å ta debatten

Nysæther anbefalar politikarane i Nordfjord om å ta debatten.

– Tør å ta debatten og ta nokre tøffe val. Sei at de aksepterer litt lengre reisetid mot at de får tryggare og betre vegar. I tillegg vil eit meir konsentrert flyplasstilbod gi betre flytilbod, seier Nysæther.

Sandane Lufthamn får årleg drøyt 20 millionar kroner i støtte frå Avinor og i tillegg får Widerøe dryge 46 millionar i passasjerstøtte.

Flyplassen i Narvik får mindre i passasejerstøtte, vel 25 millionar kroner i året, og når departementa finrekna på den reelle innsparinga av nedlegging i Narvik landa dei på 500 millionar kroner over ei 20 års periode.

Usikker på omdet fører til nedlegging

Leiar i transportkomiteen på Stortinget og leiar i Krf Knut Arild Hareide, seier det er lettare å få gjennomslag på riksplan om ein prioriterer lokalt.

– Det at ein er villig til å prioritere noko gir eit tydeleg signal inn til stortinget si handsaming, og det er noko som sjølvsagt blir lagt stor vekt på, seier Hareide.

Hareide trur ferjefri E39 kan føre til færre flyplassar på Vestlandet, men er usikker på om nedlegging vil vere aktuelt i Sogn og Fjordane.

– Eg tenkjer at det er heilt naturleg at vi tek debatten. Men slik eg ser på dei endringane vi får med ein ferjefri E39 så ser eg ikkje nødvendigvis for meg at det fører til endringar i flyplasstilbodet i Sogn og Fjordane, seier Hareide.

Meiner Nordfjord står sterkt

Ordførar i Gloppen Anders Ryssdal vil likevel ikkje følgje rådet til kollegaen i Narvik om å veksle inn Sandane Lufthamn mot ferjefri kryssing av Nordfjord mellom Lote og Anda, sjølv om også han ser at ein slik debatt kan kome.

– Eg meiner Sandane lufthamn har stor betydning for distriktet, seier Ryssdal.

– Men viss denne brutrase-saka står og vippar, hadde det ikkje då vore freistande å veksle inn flyplass mot bru?

– Eg trur brua er viktig for å få betre tilkomst til Sandane lufthamn. Skulle det bli slik at det blir diskusjon om kor mange flyplassar ein skal ha, så meiner eg Nordfjord med den plasseringa vi har i forhold til resten av landet, må stå sterkt i den samanhengen, seier Ryssdal.

Ryssdal viser til at også på Sunnmøre vil det kome ferjefri E39, det kan igjen få betydning for avstanden mellom Ørsta/Volda og Vigra som blir nær ein time.