Hopp til innhold

NGI fryktar større skredulykker

NGI meiner det er fare for katastrofale skredulykker i Grasdalen på riksveg 15.

Skred mellom overbygget og brua i Grasdalen

SKRED: Dette skredet gjekk sist vinter mellom overbygget og brua i Grasdalen på riksveg 15.

Foto: NGI

– Grasdalen er klart ein stad der det kan skje katastrofale ulykker når til dømes trafikktoppar fell saman med skredfare. Varsling, sprenging og stenging blir som oftast sett på som naudløysingar for viktige vegar før ein får på plass permanent sikring, seier senioringeniør Krister Kristensen i NGI til Fjordingen.

Skred kan bli over 450 meter breitt

Over NRK.no påpeikar Kristensen at NGI lenge har hatt god oversikt over skredfaren i Grasdalen på vestsida av Strynefjellet.

– Det er ikkje alltid at trafikantar ser at det har gått skred der eller at det har vore problem. Men det er viktig at vi får registrert det, seier han.

– Kor ofte går det skred på staden?

– Det går fleire skred per år. I Grasdalen er kvar ein meter utsett for skredfare, og skreda kan komme opp i 800–900 meters breidde. Det vil seie at eit skred over vegen kan bli 450 meter breitt, seier Kristensen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skredet vinteren 2002 var 450 meter breitt

STORT SKRED: Dette snøskredet vinteren 2002 var 450 meter breitt og gjekk over riksveg 15 i Grasdalen.

Foto: NGI

– Beste løysing er å sikre strekninga

Riksveg 15 over Strynefjellet er i periodar svært trafikkert, og særleg gjeld det i samband med utfart ved påske-, jul- og vinterferie.

– Jo fleire bilar som passerer i ein periode, dess større fare er det for at det går skred medan det er bilar på vegen, konstaterer senioringeniøren.

– Kva må til for å redusere faren?

– Ein måte er å stengje vegen i periodar, slik vi gjer det no. Men det beste ville vere fysisk sikring av dei skredutsette strekningane – med tunnel eller overbygg.

Gjekk eit stort skred for ti år sidan

Overfor Fjordingen opplyser Kristensen at det største raset i vinter gjekk 25. februar, og var om lag 200 meter breitt. Det tetta tunnelinnslaget ved Opljostunnelen.

Det mest dramatiske skredet i nyare tid gjekk for nøyaktig ti år sidan og var 450 meter breitt.

Dei første som kom på staden var to nattbussar – dei måtte stoppe 60 meter inne i tunnelen på grunn av snøen som blokkerte inngangen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.