Hopp til innhold

Nevekamp om kommunegrenser i Gulen

EIVINDVIK (NRK): Medan sitjande ordførar Hallvard Oppedal (Sp) ønskjer at Gulen held fram som eigen kommune, vil hovudutfordraren frå Høgre innlemme Gulen i ein større kommune.

Hallvard Opedal og Ivar Eide bryt handbak

NEVEKAMP: F.v. sitjande ordførar Hallvard Oppedal (Sp) og utfordrar Ivar Eide (H) testar forma med handbak før den avgjerande innspurten i valkampen.

Foto: Bård Siem / NRK

Vallogo

August-sola steikjer på utsida av murveggane og det er godt å kome inn i det svale kommunehuset i Gulen.

Etter å ha vorte vist veg gjennom ein lang korridor av ein kommunetilsett, møter vi ein smilande og brunbarka kar på ordførarkontoret. 58 år gamle Hallvard Oppedal har 16 års fartstid i kommunestyret og har vore ordførar dei siste fire åra. Han har lyst på ein ny periode.

– Ja, eg vil gjerne halde fram som ordførar, seier han.

– Kvifor vil du at Gulen skal halde fram som eigen kommune?

– Det er fordi vi er ein veldig desentralisert kommune. Vi har skular og andre kommunale tenester i alle dei fire grendene og kommunen er veldig stor i utstrekning. Det viser seg at innbyggjarane er meir fornøgde med tenestetilbodet i kommunar der innbyggjartalet ikkje er så høgt, seier han.

Det viser seg at innbyggjarane i små kommunar er meir fornøgde med tenestetilbodet.

Hallvard Opedal

Fleire kandidatar

Oppedal får konkurranse frå Odd Harald Eide frå Arbeidarpartiet, Gjert Knarvik (Frp), Bjarte Undertun (V), Ingolf Wergeland (KrF) og ikkje minst frå Ivar Eide Frå Høgre. Høgre har i dag varaordføraren og Eide ønskjer no å gå heilt til topps.

Går det som Eide ønskjer, blir det kanskje ingen ordførarstol å overta. 52 år gamle Eide med 16 års fartstid i kommunepolitikken meiner Gulen med sine om lag 2300 innbyggjarar er frå liten til å halde fram som eigen kommune.

Ivar Eide og Hallvard Opedal

Ivar Eide (H) og Hallvard Oppedal (Sp) kjempar om makta i Gulen.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg trur ikkje det er realistisk at vi kan halde fram som eigen kommune slik vi ser prosessane går føre seg rundt oss. Ut frå folkemøta som har vore, trur eg heller ikkje dette er noko innbyggjarane ønskjer, seier Eide.

– Kva synest du om ei løysing der Gulen blir innlemma i ein storkommune i Hordaland?

_ Eg har litt sans for ein slik modell. Vi er i dag i eit regionrådssamarbeid med Nordhordland, der vi før utført mange av tenestene våre. Eg kan nemne politi, helse, prosti, brannvern, seier han.

Eg ser det ikkje som realistisk at Gulen kan halde fram som eigen kommune.

Ivar Eide

Populær ordførar

Etter å ha snakka med ei rekkje innbyggjarar på veg inn og ut av matvarebutikken i kommunesenteret Eivindvik, er det tydleg at sitjande ordførar Oppedal har ei høg stjerne hos mange. Ein av dei var Anne Britt Molde.

– Opedal er ein dyktig kar som har gjort ein god jobb. Eg håper han held fram som ordførar, seier ho.

Vil ikkje ha storkommune

Forutan alternativa Gulen som eigen kommune og der Gulen blir innlemma i ein storkommune, blir eit mellomalternativ med Gulen og Solund i Sogn og Fjordane og Masfjorden i Hordaland også greidd ut. Oppedal ser på storkommune som det klart dårlegaste alternativet.

– Skal vi få eit folketal som er vesentleg mykje større enn i dag, må vi gå for det store alternativet. Dette er eg veldig skeptisk til fordi vi med våre 2300 innbyggjarar blir veldig få i ein slik kommune. Ein kan lure på kva innverknad vi vil få i ein slik storkommune, seier han.

Eide meiner ei løysing der Gulen går saman med Solund og Masfjorden også kan vere ei god løysing.