NRK Meny
Normal

Nettleiga kan stige med 30 prosent dei neste åra

Nettselskapa må investere fleire milliardar kroner i nytt nett dei komande åra. Rekninga får du og eg i posten, i form av sterk auke i nettleiga.

Kraftlinjer i fjellet mellom Årdal og Luster

MÅ HA NYTT NETT: Det er behov for investeringar i milliardklassen i kraftnettet i Norge. Det fører til auka nettleige.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Nettselskapa seier dei må investere rundt 140 milliardar kroner dei komande ti åra. Det svarar til ei auke i nettleiga på mellom 25 og 30 prosent.

Dei dyre spådommane kjem frå direktør Per Sanderud i NVE. Han får støtte frå direktøren i det største nettselskapet i Sogn og Fjordane.

– Sanderud er nok inne på rett nivå. Det kjem til å verte stor auke over heile landet, seier Asgeir Aase.

Frå gale til verre

Årsaka til den kraftige auken er behovet for nytt nett. Store delar av nettet er frå 1960- og 70-talet, og er modent for utskifting.

Vassdrags- og energidirektør Per Sanderud.

VÅR TUR TIL Å BETALE: Direktør Per Sanderud meiner nettleiga vil auke opp mot 30 prosent dei komande åra.

Foto: Hilde Totland Harket/NVE

–​ Vi har levd godt på dei investeringane som førre generasjon betalte for, no er det vår tur til å betale, seier Sanderud.

Kostnadane vil merkast på straumrekninga til innbyggjarar over heile landet, men for nokre vil auken svi ekstra. Straumkundane i Sogn og Fjordane betalar alt nesten 40 prosent høgare nettleige enn landsgjennomsnittet.

Bekymra for utviklinga

Nettselskapa i Sogn og Fjordane kjem til å investere for rundt 300 millionar kroner per år, dei komande fem til ti åra, opplyser Aase.

Asgeir Aase i SFE

INGEN VEG UTANOM: Nettdirektør Asgeir Aase er budd på reaksjonar på auken i nettleiga, men seier det er ingen veg utanom.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Korleis trur du auken vert motteke blant forbrukarane?

– Det er nok noko ein ikkje vil like, men det er ingen veg utanom, seier nettdirektøren.

Ein auke i nettleiga på opp mot 30 prosent vert ikkje godt motteke hos Huseiernes Landsforbund.

– Dette er tal som bekymrar oss, seier distriktsleiar Jan Erik Mardal.

Ber selskapa gå i seg sjølve

– Dette kjem opp på ei stadig auke i kommunale avgifter og eigedomsskatt og er med på å stramme grepet for huseigarane som vi meiner er veldig bekymringsfull, seier Mardal.

Han meiner selskapa må effektivisere drifta si, i tillegg peikar Mardal på at fleire selskap tek ut store utbyte.

– Då må det gjerast grep sentralt ved å sjå på kva som faktisk er mogleg å ta i utbytte der vi har så stort etterslep at kraftselskapa bør prioritere å bruke eigne midlar på å oppgradere nettet, seier Mardal.

Brukar ny kunnskap

Både Sanderud i NVE og nettdirektør Aase seier det vert jobba med å halde investeringane så låge som råd. I større grad enn tidlegare får nettselskapa kunnskap om kva tid og kor mykje straum vi brukar. Kunnskapen vert brukt til å unngå å byggje nytt, der det ikkje er nødvendig.

– Å bruke data for å investere så lite som mogleg, vert svært viktig. Vi jobbar heile tida med å finne nye måtar å utnytte denne kunnskapen på, seier Aase.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå