Hopp til innhold

Nettet tek over - butikkane døyr ut

Stadig fleire tradisjonelle butikkar merkar no konkurransen frå tenester på internett. Dei siste vekene har konkursane stått i kø i fleire bransjar.

Det er ikke berre i avisene at nettet tar over hovedrolla.
Også tradisjonelle butikker merkar konkurransen. De siste ukene har konkursene stått i kø, i flere bransjer.

MÅ GJE TAPT: Stadig fleire tradisjonelle butikkar må gje tapt for auka handel på nett.

Ein av dei som veit alt om dette er Vidar Samuelsen. Han dreiv Dale Bok og Papir i 17 år, men sist månad måtte han gje tapt. Butikken i Dale i Sunnfjord hadde då tapt for mykje pengar, og det var umogleg å drive vidare.

Det som i byrjinga var ein butikk med hyller på hyller med bøker var blitt til ein butikk med berre eit lite hjørne med bøker.

– Det er vemodig, seier han og ser utover butikken.

Han trur mange fleire butikkeigarar vil måtte gå same vegen, og legge inn årene.

– Eg trur nok det vil bli veldig vanskeleg for små spesialistbutikkar å overleve framover. Det vil vere opp til forbrukarane å bestemme kor dei vil handle og om dei vil ha dei lokale tilboda, seier han.

Må gi tapt for nettet sine fordelar

Auka netthandel er den enkle, men brutale forklaringa på at stadig fleire tradisjonelle butikkar må lukke dørene.

Sidan januar i fjor har sju norske bokhandlarar gått konkurs, inkludert heile Notabene-kjeda. 44 sportsbutikkar har gått den same tunge vegen, det har også fem musikk og videobutikkar og ni fotobutikkar.

Sist i rekka av fotobutikkane var giganten Foto Knudsen.

– Som å slå på ein brytar

I tillegg gir mange opp før dei går konkurs. Slik er det også for Mix i Førde. Dagleg leiar ved Mix Centrum Film, Johannes Fleten, seier pilene berre har peika ein veg den siste tida.

– Det snudde verkeleg i 2012. Vi har merka ei viss endring over fleire år, men ikkje dramatisk før i fjor. Det var nesten som å slå på ein brytar det siste halve året, fortel Fleten.

Spesielt tilbodet Netflix har stole mange av dei tradisjonelle kundane som før kom til videobutikken for å leige filmar eller kjøpe DVD-ar med favorittserien. Netflix er ein teneste som gjer at folk kan få filmar og seriar rett heim på datamaskina eller tv-skjermen.

– Ein bransje på veg ut

Etter at Fleten tok avgjerda om å leggje ned butikken før den går konkurs har mange gitt uttrykk for at det er synd.

– Dei synest det er veldig synd, og dei vil sakne det. Men det er og mange som brukar mykje nettet, seier han.

Berre litt over 70 slike videoutleigebutikkar er att i Norge. På 1980-talet var dei 2000. Fleten trur dessverre bransjen er i ferd med å døy ut.

– Ja, det trur eg faktisk. Når ein ser på kva som skjer rundt omkring i heile landet, med nedleggingar, så trur eg det er ein bransje som er på veg ut.

– Veldig mykje fag på nettet

Førsteamanuensis Kenneth Fjell ved NHH seier det er vanskeleg å vite no kva butikkar som faktisk kan overleve i framtida med den konkurransen ein opplever frå nettbutikkane.

– Det vil vere dei butikkane som i stor grad kan komplettere internettet, dei som sel spesielle ting som ein ikkje handlar typisk over internett. Men framtida vil vise om det og blir vanskeleg å halde i butikk, seier Fjell.

Han seier det no er mykje enklare for folk å få tak i både filmar, musikk og bøker på nett og at dette no er tilgjengeleg på lovlege og enkle måtar.

Mange vil likevel ofte gjerne ha råd og tips frå folk som har peiling, om det så er i forhold til kva filmar ein skal sjå, eller kva joggesko ein bør bruke. Fjell seier det er blitt mykje fagkompetanse også på nett. Mellom anna blir det ofte gjort meldingar der ein tek føre seg dei beste variantane av forskjellige typar varer.

– Det er også detaljerte skildringar, detaljrike videoskildringar om korleis ting skal brukast, og ein kan også chatte med salsansvarlege, seier Fjell.

– Ganske alvorleg

I bokhandelen i Dale fryktar også den tidlegare daglege leiaren for framtida til dei tradisjonelle butikkane.

– Eg og brukar nettet og ser at det ofte er pengane som bestemmer. Men ønskjer folk å handle i butikken, så bør dei prøve å gjere det så langt dei kan, er hans oppmodinga.

Fleten i Førde er uroa for framtida. Han fryktar det etter kvart kan bli mange arbeidsplassar som forsvinn når netthandelen tek meir og meir overhand.

– Det synest eg er ganske alvorleg. Kanskje er det noko ein må diskutere, korleis ein skal møte dette, seier han.