Hopp til innhold

Nettbuss vurderer tilbodet i Sogndal

Nettbuss slit økonomisk på rutene mellom Bergen og Sogn. No vurderer dei framtida for stasjonen i Sogndal.

Svein Arne Vik

SLIT MED ØKONOMIEN: Svein Arne Vik er marknadssjef i Nettbuss.

Foto: Ove Sveen / Fjordingen

Tysdag kveld var det møte i Sogndal der dei tilsette vart orienterte om den vanskelege situasjonen for selskapet.

– Ingen ting er avgjort, men det er ein situasjon der vi vurderer økonomien i fleire av dei ekspressbussrutene som vi har mot Bergen, seier Svein Arne Vik, som er marknadssjef i Nettbuss.

Det er ein situasjon som har vart over tid. Seinast i fjor fjerna selskapet ein avgang til Bergen for å betre økonomien. Det har ikkje vore nok.

– Vi ynskjer ikkje å bygge ned tilbodet. Vi vil gjere alt vi kan for å unngå det. No må vi få bruke litt tid på å gå rundar med dei involverte for å finne gode løysingar, seier Vik.

Vil bruke tid

I dag er det 16 tilsette som er knytt til stasjonen i Sogndal. Ingen har så langt fått oppseiingar, men tal tilsette er noko som vert diskutert.

– Det slike ting som er i dialogen, men eg kan ikkje kommentere detaljar i det møtet som har vore seier, Vik.

Lokaltillitsvald i Nettbuss, Kjell Inge Frækaland, ynskjer ikkje å kommentere møtet eller situasjonen i selskapet ut over at dette er ein trasig og vanskeleg situasjon som rører ved mange.

Må betre økonomien

Tysdag kveld ynskjer ikkje Vik seie noko konkret om kor vanskeleg økonomien er for avdelinga i Sogndal. Han seier dei vil bruke denne månaden og kanskje noko meir før dei dreg noko konklusjon.

– Det handlar om økonomi. Over tid er vi nøydde til å ha ein betre økonomi enn vi har i dag for å oppretthalde tilbodet, seier Vik.